Danmark og Sverige var i fleire hundreår i stadig strid med kvarandre. Ved fredsforhandlingane i Roskilde i 1658 måtte danskekongen gje frå seg både danske landskap og norske len til svenskekongen, m.a. Trondheims len. Romsdal og Nordmøre blei rekna inn under dette lenet, og dermed hadde Sverige skaffa seg god tilgang til Nord-Atlanteren. Etter endå ein krig blei det nye forhandlingar i København i 1660, der svenskane måtte gje slepp att på denne godbiten av Norge. I praksis rådde svenskane her eit par år berre.

Men tenk om Sverige hadde vore litt sterkare i 1660! Hadde me romsdalingar gått rundt i dag og snakka svensk då? I det svenske Romsdals län? Romsdalingane hadde nok i så fall i dag rekna seg som svenskar, og dialekten hadde me i dag rekna som svensk. Det er sagt at skåningane, som ikkje blei «tilbakelevert» til Danmark i 1660, allereie ved utgangen av 1600-talet rekna dialekten sin som svensk. Men dei snakka same dialekten i 1700 som i 1658. Dei bytta språk, men ikkje dialekt. Det er poenget her.

Det kan ein altså gjere, for kva som er språk og dialekt, har mindre med språket å gjere, meir med korleis me bestemmer oss for å tenkje. Grensene mellom språk og mellom dialektar er flytande, og difor er det ein avslørande definisjon som Max Weinreich ein gong kom med: «Eit språk er ein dialekt med hær og flåte». Spørsmålet dreiar seg eigentleg om politikk. Weinreich var jøde og hadde jiddisch som morsmål, dvs. eit språk som jødar i Europa har utvikla gjennom 1000 år. Men det har verken hær eller flåte, og det har hatt problem med å bli akseptert som eige språk.

Dette poenget blir nettopp demonstert i Skandinavia, for her deler me i dag gjensidig forståelege dialektar inn i tre språk: dansk, svensk og norsk. Forskjellane er så småe at dei ligg innafor det som mang annenstaden ligg innom variasjonsbreidda åt eitt og same språket. Så inndelinga kunne altså godt vore annleis.

Opphavet åt eit språk er òg i mange tilfelle ein politisk vilje til å markere sjølvstendigheit. Den jamne nordmann rekna ikkje språket i landet som eige språk for vel eit par hundreår sia. Slike tankar var fremmende, for kva skulle det bety når dei alt hadde eit språk som dei skreiv og fekk gudsordet på? Dansken var eit felles ‘hovudspråk’, som dei kalla det. Slik var det sjølvsagte verdensbildet. Men så kom nye idéar innover Europa, og me brukte heile 1800-talet for å utvikle sjølvstendigheitsviljen og den tanken at norsk var eit eige språk. Hær og flåte hadde det norske riket faktisk hatt under danskekongen, så definisjonen hans Weinreich er altså ikkje perfekt. Færøyingane har òg vore igjennom same historia med ei bevisstgjering om eige språk, men dei har verken hær eller flåte, og dei greier seg godt – berre viljen er der. Dei har eit eige språk med berre knapt 50 000 brukarar. Me er 20 % fleire som snakkar romsdaling.

På 1990-talet kom det ønske frå kvenane i Finnmark om å få språket sitt offisielt godkjent. Dei snakkar ein finsk dialekt som dei tok med seg då dei vandra ut frå Finland på 1600-talet. Men kvenane føler seg ikkje som finnar. Og mot slutten av forrige hundreåret var ein ny språkdefinisjon på veg til å vinne godkjenning: Eit eige språk må definerast etter om språkbrukarane sjølve vil at det skal vere eit eige språk. Difor blei ønsket frå kvenane innfridd i 2005. Tilsvarande var resonemanget òg då dei finsktalande i Tornedalen i Nord-Sverige i 2000 fekk godkjent dialekten sin som eige språk, nemleg meänkieli. Finske grammatikarar har rista på hovudet, for dei synest dette språket ligg innafor variasjonsbreidda åt finsk. Men altså: Språket meänkieli blir brukt av ei folkegruppe på sirka 60 000 personar i Sverige, og ei folkegruppe på berre ein tidel av dette snakkar språket kvensk i Norge, fordi dei sjølve vil ha det slik. Her er det tale om språkleg demokrati og å godkjenne behovet folk har for å markere eigen identitet.

60 000 romsdalingar. Kva så? På lista over alle nesten 7000 språka i verda, har sirka halvparten færre talarar enn 60 000. Me ligg altså godt an. I Sverige er det 3000 som snakkar älvdalska, og det er søkt om at den dialekten får status som eige språk. Nokre jemtlendingar har òg tenkt tilsvarande tanke om sitt språk, og jemtlandsken har sirka 60 000 brukarar.

Typisk for språk som er definert av statar, er at dei har meir enn hær og flåte; dei har òg eit strengt «språkpoliti» for å sikre sterk lojalitet frå undersåttane, for fellessymbolet og fellesverdien som ligg i språket, gjev effektiv makt over tanken. Ser me på jiddisch igjen, er ikkje det definert av ein stat, og det er lite prega av streng rettskriving. For språket romanes, som òg blir snakka i mange land, gjeld det same.

Det sterke svenske standardspråket (med «språkpoliti») er ein trussel mot älvdalska og mot andre svenske dialektar. Dét utløyser altså søknadar om å få etablert dialektar som språk. Søknadane er forsvarstiltak mot sterk sentraldominans. Norge har av spesielle historiske grunnar ført ein heilt annen politikk enn Sverige. Me får bruke dialektane temmeleg fritt, og me kan òg la skrifta få dialektpreg. Dermed stiller spørsmålet om dialekt eller språk seg heilt annleis her. Språkleg fridom kan òg skape politisk lojalitet.