Vi som bur i fylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har mykje felles. Landskapet er oppdelt av fjordar, fjell og øyar, og folk bur i byar og grender rundt om i heile fylka. Ikkje minst har vi mykje ver og med det følgjer ras, fonner, flaum, stengde vegar og flyplassar. I desse fylka har framsynte folk fått bygd vegar, tunnellar, bruer og etablert ferjer som bind oss saman. Vidare har dei fått bygd flyplassar, sjukehus, høgskular, vidaregåande skular m.m. som på ein framifrå måte har tent fylka. Men kva skjer no? Jau, krefter i Bergen og Trondheim kappast om å legge fylka under seg og om å sentralisere både administrasjonen og produksjonen av tenester. Så langt har dei fått hand om sjukehusa våre, Høgskulen i Ålesund fusjonerer med NTNU og Høgskulen i Volda har samtalar med Universitetet i Bergen. På andre område som veg, politi, beredskap, vaktsentral, barnevern osv. er likande sentraliseringsprosessar til Bergen eller Trondheim i gang eller fullførte. Den siste saka er salet av delar av Fjord1 til Torghatten Trafikkselskap AS.

Marginalisering av Nordvestlandet

Midt i sentraliseringsprosessen som politisk marginaliserer Nordvestlandet og gjer oss til ein utkant underlagt Trondheim og Bergen, les eg med undring at fylkestinget i Møre og Romsdal ikkje vil ha naboprat med Sogn og Fjordane fylke. Fylkesordføraren grunngir dette med at fylket er stort nok.  Kanskje er fylket stort nok i folketal og geografi, men eg vil hevde ikkje sterkt nok til å stå i mot dei sentraliserande kreftene i Bergen og Trondheim. Norsk regionalpolitikk er no basert på regionars kamp mot kvarandre, og då er det viktig å stå fram med sterk politisk makt. Det har tydelegvis trønderane og bergensarane oppfatta.

Det som skjer kan lett forklarast med kjente sentrum-periferi-modellar.  I si enklaste form skil desse modellane mellom sentrum og periferi, og viser på den måten at det kan vere store skilnader mellom behov, interesser og verdiar i sentrum og i periferien.  Dette kan illustrerast med behovet for ei sterkare spreiing av sjukehus, skular, politi m.m. i utkantar enn i Bergen og Trondheim. Slike tenester må tilbydast der folk bur, og hovudkjenneteiknet ved utkantar er at folk bur spreitt. Så langt har det i norsk politikk vore stor grad av semje om at heile landet skal takast i bruk, og som kjent er verdiskapinga i fylka våre svært stor.

Føretakslogikken gjennomsyrer offentleg sektor

Reformer i offentleg sektor har medført ein føretakslogikk med mål- og aktivitetsstyring. Produksjonskostander til einingar blir samanlikna, og dei som er minst produktive må kutte kostnader eller leggast ned sjølv om kvaliteten på tenestene blir både målt og oppfatta som god. I denne prosessen er ofte tilboda i utkantane dei mest utsette for nedlegging. Slike debattar er velkjente i helseføretaka, men høgskular, politi, barnevern og andre som blir underlagt Bergen og Trondheim kan også kome til å måtte hanskast med denne debatten. Føretakstenkinga gjennomsyrer i dag heile offentleg sektor, og då blir føretakets økonomi viktigare enn samfunnets behov for tenester. Eg meiner at det vil vere langt lettare å få aksept for Nordvestlandet sine spesielle behov om region var samla og kunne argumentere overfor byråkratar og folkevalde på nasjonalt nivå.

Men sentrum-periferi-modellar opererer også med ein periferi i sentrum (pS) og ein periferi i periferien (pP). Dette kan illustrerast med at utkantar i både sentrum og periferi ofte har kryssande interesser, t.d. når debatten om funksjonsdelinga mellom sjukehusa herjar. Då kjempar ofte sjukehusa i periferien mot kvarandre i standen for å stå samla mot sentrum. Ålesund sjukehus var til dømes ikkje synleg når lokalbefolkninga mobiliserte for Volda sjukehus, og Ålesund sjukehus ønskte at det nye sjukehuset for Romsdal og Nordmøre skulle kome i Kristiansund, dvs. lengst muleg vekk frå Ålesund. Eit anna døme er høgskulane. Kvifor er det berre høgskulane i Ålesund og Volda som det har blitt fridd til. Kva med dei to andre høgskulane i fylka om Volda går saman med Bergen? Kva skjer om NTNU tilbyr lærarutdanning i Ålesund?

Sentrumsagentar

I dette maktspelet er såkalla sentrumsagentar sentrale. Dette er folk som utgjer eit sentrum i periferien (sP), og som er servile overfor makthavarane i sentrum (sS). Dei har oftast utdanninga si frå sentrum, har vener og kjente der, og dei har kanskje også jobba der før dei etablerte seg i utkanten og blei ein del av maktsentrumet der. Dei har gjerne sterke interesser av vidare fagleg samarbeid med sentrum. Dei kan gjennom mulege stillingsopprykk, lønsopprykk, bonusordningar og andre ordningar som sentrum rår over bli gjort til lojale støttespelarar for gjennomføringa av sentrum sin politikk i periferien. Til dømes i prosessar der Bergen eller Trondheim ønsker å fusjonere eller samarbeide med institusjonar på Nordvestlandet. Tru om det var slike sentrumsagentar overlege Eskeland ved Volda sjukehus demonstrerte mot når han nekta å ta i mot gåver og ord frå føretaksleiinga då han pensjonerte seg. Det som også kan skje, er at sentrale personar i utkanten som yter for mykje motstand mot Bergen eller Trondheim, blir tvinga, eller som det heiter, frivillig vel å seie opp stillinga.

Kvifor ikkje styrke Nordvestlandet i kampen mot Bergen og Trondheim?

I denne regionale politiske kampen vel altså fylkestinget i Møre og Romsdal å seie nei til naboprat med Sogn og Fjordane. Eg registrere heller ikkje at våre lokale og nasjonale folkevalde er synlege i denne sentraliseringsdebatten. Eg vil difor avslutte med orda som tidegare ordfører P.H. Kragseth i Sande brukte når saker ikkje blei tekne tak i: «Søv dokke?»

Roar Amdam, Høgskulen i Volda

---

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook