LESERINNLEGG

Dei utviklingshemma, ein Devold-rapport eller ein sluttrapport til bry?

Magnhild Bergheim og Terje Albregtsen. FOTO: Bjørn Brunvoll  Foto: Bjorn Brunvoll

Meninger

Kven forstår økonomien til Bo- og habiliteringstenesta, tidlegare kalla Tiltak for funksjonshemma, i Molde kommune?

Forstår administrasjonen i Molde rådhus, og politikarane som går ut og inn av Rådhusplassen 1 i Molde, denne økonomien?

Forstår desse kor slitsamt det er for «fotfolk» i etaten at den jobben dei gjer mest handlar om «overforbruk»?

Har dei som arbeider på Enensenteret, og dei som arbeider ute i kvar einaste heim hos dei funksjonshemma, blitt spurt om kva dei kjenner av å bli råka av påstanden om «overforbruk»?

Det var ikkje konsulentfirmaet Rune Devold AS frå Trondheim som starta å kalle det «overforbruk». Devold lever av ein gamal myte om at kommunar kan spare pengar på å stramme inn vedtaka til menneske med funksjonshemma. Han bryr seg ikkje om at slik innsparing fører til lovbrot.

Etter at Rune Devold kom til Molde i 2018, peika vi på denne samanhengen første gongen for meir enn tre år sidan. Devold vann fram i rådhuset, og politikarane slutta seg til påfunna hans. På Enensenteret måtte dei utføre ordre, men dei kjente seg ikkje vel med det.

Rett før årsskiftet kom sluttrapporten kalla «Gjennomgang av enhet Tiltak for funksjonshemmede». Kall han heller «Sluttrapporten etter Devold-rapporten». Saka passerte -utval, -råd, -skap og -styre; og blei til slutt vedtatt i kommunestyret, men mot 9 venstreradikale røyster som ville avvise sluttrapporten av tre grunnar.

Kva sa sluttrapporten? Han sa at mange av tiltaka frå Devold ikkje var følgde. Det var det eine. Tiltaka let seg ikkje gjennomføre. Tenestene for funksjonshemma er pålagde etter helse- og omsorgstjenestelova. Kommunen kan ikkje følgje Devold sine påfunn utan å gjere seg skuld i lovbrot.

Det andre var at 66 av 97 menneske med utviklingshemming hadde fått redusert vedtaka sine. Dei fekk nye vedtak med reduksjon i tenestene frå førre vedtak. Etter forvaltningsloven er det ikkje lov å endre vedtak til det verre. Berre 8 av dei 66 klaga på vedtaka. Alle fekk medhald hos statsforvaltaren.

Kva så med dei som ikkje klaga; ikkje fekk til å klage, eller ikkje våga å klage? Dei er ei stor gruppe på 58 menneske med utviklingshemming. Dei er ikkje ofra plass i sluttrapporten. Men no har statsforvaltaren oppdaga dei òg, og den saka ligg framleis der og ventar på ei avgjerd.

I kommunestyret avviste ordføraren protesten mot sluttrapporten med å seie: «De vedtakan har ikkje noe med Devold å gjøre. Det er vedtak som vi har utforma ...» (Sic).

Hadde kommunen planlagt lovbrot? Planlagde lovbrot – uansett om Devold hadde kome hit eller ikkje?

Det tredje ankepunktet frå dei venstreradikale handla om økonomi. Rekneskapen er ufullstendig, blei det sagt. Ja, han er ufullstendig, og har alltid vore det. Han fortel om utgiftene; om budsjett med høge tal, om rekneskap med høge tal og om negative resultat. Dermed blir det her som over alt elles brukt ord som «overforbruk» og «meirforbruk». Ingen vil nytte det rette ordet; underfinansiering.

Dei samla inntektene har ikkje fått særleg stor plass. I 2020 fekk Molde kommune tilskot frå staten på 97 millionar kroner for alle utviklingshemma mellom 16 og 67 år. Det er pengar som kommunen kan bruke til kva dei vil. «Kvifor er det slik?» spurte ein uvitande representant på ærleg vis. «Det må du spørje partiet ditt om», svarte ordføraren. Var det eit godt svar?

Ressurskrevjande tenester til utviklingshemma som treng ekstra mykje omsorg fekk kommunen refundert av staten med 69 millionar i 2020. Det er øyremerka til å dekke lønsutgifter. Summen av dei to tilskota gjorde at kommunen i 2020 budsjetterte med utlegg på 102 millionar ut over dei to tilskota.

Kvifor fekk ikkje alle desse tala plass i sluttrapporten, for å vise både inntektssida og utgiftssida? Når det år etter år har vist seg at kommunen har budsjettert med for lite, så må i det minste administrasjonen forstå at budsjettet er galt. Korleis skal politikarane forstår det, når dei ikkje får alle tala på bordet?

Det merkelege er at ikkje alle kommunar har same skikken som Molde. Ta gamle Midsund kommune. Der hadde dei klåre og fullstendige tal for både inntekt og utgift i denne sektoren. No er tala i Midsund borte. Du finn dei ikkje i nye Molde.

Det er avslørande når ein kommune underfinansierer ei lovpålagt teneste, men òg ei uføreseieleg teneste, år ut og år inn, og kvar gong kallar det for «overforbruk». Det heiter underfinansiering!

Det er avslørande når kommunen betalar ein tilreisande økonom for at han skal fortelje at dei skal trikse med lovpålagte helse- og omsorgstenester for å spare pengar.

Det er avslørande når «elite-politikaren» av ein ordførar svarar ein representant i andre enden av skalaen på ein avvisande måte på eit uskuldig spørsmål om økonomi.

Det hadde vore truverdig om ordførar og kommunestyre hadde avvist sluttrapporten etter Devold-rapporten fordi konsulenttenesta frå konsulent Rune Devold AS ikkje var til nytte.

Men då måtte kommunen ha innrømt at dei skulle ha latt vere å bruke pengar på å kjøpe Devold-rapporten. Det hadde vore respektfullt.


MAGNHILD BERGHEIM OG TERJE ALBREGTSEN

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal