LESERINNLEGG

Statsrefusjonen for utviklingshemma: Eit hol i Sjøfronten!

Debatten går høgt om at Molde har store utlegg på funksjonshemma menneske.

Forfattarane av innlegget ber om at Molde kommune straks utleverer til sin son så mange av søylene i fundamentet til Sjøfronten, at det utgjer same summen som statsrefusjonen hans; 7-11 millionar kroner, og blir ståande att som eit markert hol i Sjøfronten til evig tid.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Det at kommunen har gjort seg skuld i alvorlege lovbrot blir borte i debatt om millionar. Endeleg ser det no ut til at nokre få lys av politikarar og media tar til å skjøne det.


LEDER ONSDAG 17. NOVEMBER

Statsforvalteren bør se på saka

Kritiserer kutt i tjenestetilbud for funksjonshemmede I Molde:

Reagerer sterkt på kutt av tjenester, krever tilsyn

Forbundsleder Tom Tvedt anklager Molde kommune for å hoppe bukk over funksjonshemmede individuelle rettigheter. Kommunen sier lover og regler er fulgt.


Samtidig i debatten om store utlegg og store overskridingar, er det nesten ikkje nemnt at kommunen også får høg refusjon av staten for mange menneske med utviklingshemming.

Det er ikkje særleg stor interesse for at alle rekneskap og budsjett har både ei utgifts-side og ei inntekts-side. Det gjeld her òg, og her står refusjonen frå staten på inntektssida. På utgiftssida står dei lovpålagte utlegga.


Kuttet 30 årsverk - men utgiftene fortsatte å øke

Kuttet 30 årsverk - samtidig ble det flere brukere og større behov, tilsvarende 38,5 årsverk.



Kutt i tjenester i Molde opp i Stortinget

Kutt i tjenester for funksjonshemmede i Molde tas opp i spørsmål i Stortinget.


Då konsulentfirmaet Devold AS kom til Molde for tre år sidan, fortalte vi om vår eigen utviklingshemma son. Han aleine sysselset så mange heime hos seg, så det utgjer minst 15 fulle stillingar i kommunen.

Løn, arbeidsgjevaravgift og sosiale utgifter rekna vi den gongen til ein stad mellom 10 og 15 millionar. Det er ikkje mindre i dag. Dei millionane er ikkje eine og aleine kommunen sine utgifter. Kommunen må sjølv dekke eit grunnbeløp på i overkant av ein million. Vidare dekker kommunen berre 20 prosent av det overskytande.

Det betyr at Molde kommune må dekke mellom 3 og 4 millionar av dei 10-15 millionane som han kostar i lønsmiddel. Då er refusjonen frå staten ein stad mellom 7 og 11 millionar berre for vår son. Det talet – inntektssida i rekneskapen – ser og høyrer vi lite og ikkje noko om i debatten og i media.

Desse millionane får kommunen frå staten med heimel i namnet, fødselsdatoen, personnummeret og diagnosen til sonen vår. Refusjonen er rekna ut av kor store utlegg kommunen har til løn for personalet hans.

Pengane hadde det vore rimeleg å nytte til å dekke kommunen sine lønsutlegg for hans personale. Likevel kjem dei til kommunen som såkalla «frie middel»: Kommunen kan late pengane gå til kva dei vil. Dei går lettvint med til slikt som slett ikkje er lovpålagt; til dømes Sjøfronten til 450 millionar. Vi ser dei ikkje i budsjett og rekneskap for dei utviklingshemma.

Derfor ber vi om at Molde kommune straks utleverer til vår son så mange av søylene i fundamentet til Sjøfronten at det utgjer same summen som statsrefusjonen hans; 7-11 millionar kroner, og blir ståande att som eit markert hol i Sjøfronten til evig tid.

Magnhild Bergheim og Terje Albregtsen

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal