LESERINNLEGG

EØS, eksport og arbeidsplassar

I Møre og Romsdal er 30.000 arbeidsplassar direkte eller indirekte knytt til eksport. Dei vil ikkje eg risikere. Vil Jenny Klinge og SP det?

Lena Landsverk Sande er 1. kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal Venstre   Foto: PRIVAT

Meninger

I Møre og Romsdal er ein av fire tilsette i næringslivet direkte eller indirekte tilknytt eksport, og fylket ligg på topp i landet med eksport pr sysselsatt. EU er vår største marknad, og med sin nye klimapakke krev dei omstilling. Det må vi vere med på, om vi vil eller ei.

EU er vår viktigaste handelspartnar, og har nettopp lansert ein ambisiøs klimaplan, «Fit for 55». For Venstre er det openbart at næringslivet i Møre og Romsdal ikkje har råd til å stå utanfor kan hende verdas viktigaste klimasamarbeid. For det er der eksportmarknaden vår er. Og det er dei opne grensene og fridomane som fylgjer med EØS-avtalen, som gjev våre verksemder mogelegheiter.

Trygge arbeidsplassar er viktigare enn nokon gong, etter over halvanna år med pandemi. Vi treng nye, grøne arbeidsplassar, men ikkje minst må vi gjere det vi kan for å dempe usikkerheit og hjelpe næringslivet vi allereie har i Møre og Romsdal på beina att.

Då er Senterpartiet sin medisin - å trekkje seg ut av EØS-avtalen og kritisere forpliktande planar for å omstille og kutte klimagassutslepp på eit heilt kontinent - heilt feil.

Grøn omstilling er naudsynt for næringslivet i Møre og Romsdal, og det hastar. Venstre vil leggje til rette for grøne investeringar, teknologiutvikling og eksport. EU sin klimapakke understreker berre hovudpoenget: etterspurnaden etter olje går ned, og om vi skal konkurrere på den internasjonale marknaden, må vi ta klimaet med i rekneskapen.

Venstre støttar EU sin klimapakke, slik vi også støttar EØS-avtalen. For arbeidsplassane si skuld. Der Sp ropar «industridød» ser vi ei grøn framtid med mogelegheiter.

Norsk eksport utgjer i dag om lag 1100 milliardar kroner. Over halvparten går til EU. Vi gamblar med næringslivet vårt om vi gamblar med EØS-avtalen. I Møre og Romsdal er 30.000 arbeidsplassar direkte eller indirekte knytt til eksport. Dei vil ikkje eg risikere. Vil Jenny Klinge og SP det?

Å trygge arbeidsplassar handlar om å finne alternativ til olje. Berre 1 prosent av det vi eksporterer i dag kan kallast «grøn eksport». Noreg og Møre og Romsdal har kompetansen og føresetnadane som trengs for å kunne verte verdsleiande på feltet, men det krev politisk vilje og eit krystallklart ja til EØS.

Venstre går til val på tolv løfte. Å gjere det lettare å skape nye arbeidsplassar er eitt. Meir europeisk samarbeid, ikkje mindre, er eit anna. Det første er heilt avhengig av det andre.

Jobbane her i fylket er ikkje i et vakuum. Vi er avhengige av å ha fridomen til å eksportere varer og tenester og importere arbeidskraft og kompetanse over grenser, slik vi kan med EØS-avtalen. Utan tollmurar og byråkrati.

Lena Landsverk Sande, 1. kandidat til Stortingsvalet, Møre og Romsdal Venstre

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal