LESERINNLEGG

Difor er eg senterpartist

– Det å vere bonde, eller det å vakse opp på gard, det er ikkje berre ein jobb, det er ein livsstil og det er eit familieprosjekt, skriver fylkesleiar i Senterungdommen, Dordi Boksasp Lerum.  Foto: Randi Eikrem

Meninger

Eg heiter Dordi, er 18 år og medlem i Senterpartiet. Stadig får eg spørsmål om kvifor eg gidd å engasjere meg. Og av og til må eg innrømme at eg lurer eg på det same: Prosessar som bokstaveleg tala tek hundre år, langdryge møter, tusenvis av sider med sakspapir og daglege dosar med sjikane. Kvifor i alle dagar orkar eg då å engasjere meg?

Då eg var yngre budde eg på eit småbruk. Far min har vore bonde på denne garden i 40 år. Kvar dag, anten det er onsdag, eller søndag, julaftan eller midt i fellesferien; pappa står tidleg opp for å gå ut i fjøset og gje mat og kjærleik til sauene, grisane og hønene våre.

Ein bonde har aldri fri. Ein bonde kan aldri ta seg fri. For det å vere bonde, eller det å vakse opp på gard, det er ikkje berre ein jobb, det er ein livsstil og det er eit familieprosjekt. Bøndene er viktig for å få landet til å gå rundt; dei syt for matforsyning og matberedskap, dei held ved like kulturlandskapet vårt og dei bidreg til å ta jorda i heile landet i bruk. Likevel får bøndene elendig betalt, ja mange lev til og med under fattigdomsgrensa. Kvifor skal ikkje bøndene få betalt for jobben dei gjer?

Det var litt slik Senterpartiet, eller bondepartiet då, vart stifta for 101 år sidan. Den norske bonden er sjølve symbolet på politikken og ideologien vår. For bøndene sin kamp er ikkje berre ein kamp mellom fattige og rike, mellom vanlege folk og eliten, mellom periferi og sentrum. Bøndene viser oss også kor viktig det er å ta vare på jorda vår. Vi kan ikkje selje landet vårt til rike karar i Kina, eller la landet vårt bli styra frå Brüssel. Og bønder, som gjennom generasjonar og århundrer har drive jorda, hogga skogen og passa på dyra, syner oss kor viktig det er å ta vare på naturen, jorda og miljøet vårt. Vi skal ikkje drive rovdrift på naturen, men overlate jorda og garden i betre stand enn det den var då vi tok over.

For Senterpartiet er bondepartiet, og det skal vi vere stolte av. Men vi er også klimapartiet, og eg håpar at vi kan stå like stolte å tala om den gode klimapolitikken vår.

På landsmøtet i Senterpartiet vedtok vi mykje god og sosial klimapolitikk. Mellom anna:

· Opprette eit klimafond på 10 milliardar

· Setje mål for klimakutt i offentleg sektor

· Skape grøne arbeidsplassar i distrikta

· Bygge 10.000 hurtigladarar i heile landet for elbilar

For meg er Senterpartiet er eit like sjølvsagt klimaparti som eit bondeparti.

Drøymen om eit sterkt landbruk, ein sosial klimapolitikk og ein god distriktspolitikk har diverre vorte knusa med Høgre, Krf, Venstre og støttehjulet Frp i regjering. For i snart åtte år har vi hatt ei regjering som gjer alt det motsette av det Senterpartiet og eg trur på. Som sentraliserer og tek tenestene vekk frå folk, som har svekkja beredskapen, som har skapa utryggheit for folk, som har slått saman kommunar, gjeve mindre pengar til bøndene og skapa mindre tillit i samfunnet.

Attende til spørsmålet i starten: Kvifor gidd eg eigentleg å engasjere meg?

Politikk handlar om å kunne vere med å endre samfunnet til noko betre, og å skape ei framtid til det beste for folk, land og dyr. Eg er senterpartist, fordi eg trur på menneska, eg trur på bonden og eg trur på distrikta. Eg trur på tenester nær folk, beredskap, tryggleik, lokalt sjølvstyre, ein sosial og effektiv klimapolitikk, ein god politikk for industri og næringsliv, færre rovdyr, meir tillit og gode system.

Årets val blir eit skjebneval. Senterpartiet vil få slutt på den massive sentraliseringa til høgreregjeringa. Vi vil ha gode tenester nær folk og skape gode og trygge lokalsamfunn.

Godt val den 13. september!

Dordi Boksasp Lerum, fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterungdom