LESERINNLEGG

Støtter Molde kommune bondeopprøret?

Nina Iren Ugelvik (Sp) sitter i Molde kommunestyre.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Denne våren går det eit stort bondeopprør gjennom heile Noreg, då landbruksnæringa reagerer på at bondens del av lønnsomheta i norsk matproduksjon ikkje har rikka seg dei siste fem åra mens resten av samfunnet dreg i frå. Samtidig har utgiftspostane i drifta eskalert betrakteleg. Resultatet har blitt ein ubalanse mellom inntekt og utgiftar, kor fleire og fleire gardsbruk no slit med å klare seg inn i framtida.

Det er og ein reaksjon på at landbrukspolitikken må endrast, for å gjer lønnsomheta mellom ledda i norsk matproduksjon meir rettferdig. Når dei få butikkjedane i landet no sit att med lønnsomheta, mens gardbrukarane gjer jobben utan anna ein lommerusk til å dekkje sine kostnadar, må noko endrast.

Molde kommune er ein betydeleg landbrukskommune i vårt fylke, med mykje flinke gardbrukare som vi vil det beste for. Her er det no 173 aktive gardsbruk som produsera norske råvarer innan mjølk, kjøt, korn og frukt. I tillegg bidreg fleire av bruka med verdiskaping innan blant anna skogbruk, turisme, gardsmatutsalg og Inn på tunet. Og ikkje minst bidreg dei til å halde liv i si bygd. Sjølv om vi er ein stor landbrukskommune, er det ein tankevekkjar at det har vorte betrakteleg færre gardsbruk også hos oss. Og av dei som er att har fleire jobb utanom gardsdrifta også pga. økonomi. I år 2000 var det 306 aktive gardsbruk i vår kommune. Skal vi snu nedgangen, kan vi først starte med å støtte gardbrukarane i sitt opprop for å få endra landbrukspolitikken. Neste blir å utarbeide ny landbruksplan for kommunen.

I kommuneplanens samfunnsdel som nyleg var på høyring, har Molde kommune som målsetting å verte Noregs mest næringsvennlege kommune. Derfor vil vi i Molde Senterparti utfordre vår ordførar Torgeir Dahl til å gje sin støtte til Bondeopprøret på vegne av Molde kommune, lik som mange av hans ordførarkollegaer har gjort rundt om i landet.

Og til deg som verdset norskprodusert mat og vil ha ei levedyktig landbruksnæring i framtida, kan du også gje din støtte til Bondeopprøret via www.opprop.net/bondeoppro.

Nina Iren Ugelvik, Molde Senterparti

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal