Nynorsken har rådd grunnen her i nesten hundre år.
Mange har oppfordra meg til å gripe ordet, men eg kan ikkje vera vaktbikkje heile tida. Da blir det ikkje tid til å skrive gode bøker.
Eg er takksam for den viktigaste arven som eg fekk med meg frå heimen og skulen i min barndom: Nynorsken. Det gjorde meg i stand til å finne mi eiga stemme og nå eit stort publikum over heile landet, med bøker som i mange tilfelle også er omsette og har blitt til glede for lesarar i Tyskland, Russland og mange andre land. Eg kallar det hjartespråket, det språket som alle menneske i alle land kjem lengst med.
Utover dette vil eg ikkje argumentere, men oppfordre alle som har stemmerett ved avstemninga i Jendem skulekrins, ung og gammal, til å stemme.
Edvard Hoem
--------------------------
Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!
Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal