LESERINNLEGG

Billege poeng kan koste dyrt

Kristina Mari Roald (20), leiar av AUF i Møre og Romsdal og Ivar Østby (22). fagligpolitisk ansvarlig, AUF i Trøndelag.  Foto: Privat

Meninger

Høyre-ordførar Torgeir Dahl sitt utspel om Oslo sin innsats mot koronaviruset er eit regelrett tillitsbrot: den svekkjer tanken om korleis vi som eit samla samfunn taklar eit av vår tids største krisar.

Det skulle ikkje vore naudsynt å seie, men liva til nordmenn og folk frå heile verda har det siste året blitt snudd på hovudet. Årets restriksjonar, påbod, anbefalingar og lekser har både for oss og våre austlandske naboar vore mange. Kontinuerleg munnbindpåbod, langdryge heimekontordagar, 17. mai-barnetog frå sofakroken og psykisk tyngande zoom-skuledagar er erfaringar vi alle har kjend på. I dei stabile lågsmitte-områda er vi heldig som har fått opna lokalsamfunnet i større grad, vi kan være meir sosiale, ha fysisk undervisning og dei einaste lockdown-dagane me opplever, er dei vi hugsar tilbake på frå mars i fjor.

På den andre sida, inne i sin n-te lockdown, viser innbyggjarane av Tigerstaden akkurat kor slitesterke dei er i den felles dugnaden mot viruset. Difor er det er forkasteleg korleis Høgreordføraren einskild plasserer skulda på byen når han seier at det vil gå utover resten av Noreg om Oslo åleine ikkje klarer å få kontroll på viruset.

Det er vårt felles ansvar å få bukt med smitta. Det har folk flest forstått, og pandemien har sjølv vist at solidaritet fungerer mykje sterkare på den enkelte i samfunnet, enn handlingar ut frå eigeninteresse nokon gong har gjort. Noreg har tatt i bruk fellesskapet, og på den måten klart å handtere ein internasjonal krise ulik noko anna vi har stått ovanfor i moderne tid. Vi er helt avhengige velvilje tilretta kvarandre, og fellesskapet i seg sjølv er avhengig av at enkeltpolitikarar ikkje prøver å score billege poeng på andre sine utfordringar.

Oslo, soframt som Bergen og Trondheim har hatt nokon av dei beste kommunale handteringane i verda, med færre smitta og lågare dødsfall enn dei fleste andre storbyane i Europa. Innsatsen til kvar einaste kommune er essensielt for at vi skal kome tilbake til ein normal kvardag. Slik som Eva Vinje Aurdal, Arbeiderparti-ordførar i Ålesund, sa det: Heile landet har ein felles fiende, viruset.

Å få bukt med smitten er ikkje berre eit forhasta vaksinasjonsprogram med formål av at barene kan servere alkohol igjen, men eit kappløp mot tiden for å nå ut til dei mest utsette gruppene i samfunnet, uavhengig om dei bur i byen Bodø, bydelen Bjerke eller i eit bufellesskap i Bjerkreim.

Difor er det fullstendig usømmeleg av Dahl å spørje om Oslo «ikke klarer å gjøre jobben sin skikkelig eller om innbyggerne ikke klarer å følge reglene.» Det er innlysende at Oslobyggen, som Moldebyggen, gjer sitt beste.

Kristina Mari Roald (20), leiar av AUF i Møre og Romsdal

Ivar Østby (22), fagligpolitisk ansvarlig, AUF i Trøndelag

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal