LESERINNLEGG

Vi vil ha sex på nynorsk!

Å jamstille dei to norske skriftspråka er viktig i skulen. Det gjeld og for tema der det ikkje først og fremst er språket som står i fokus.
Meninger

Opplæringslova slår fast at læremiddel i skulen skal vere tilgjengelege på både nynorsk og bokmål. Samstundes leverer mange organisasjonar varierte og gode undervisingsopplegg til skulane, utan noko som helst språkkrav. Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen er opptatte av at nynorskelevane skal ha det same tilbodet som bokmålselevane. Da er det gledeleg å sjå at nokon av organisasjonane tar ansvar sjølv, og gir ut materiellet på nynorsk.

Ein slik organisasjon er Sex og Politikk, som no lanserer nynorskutgåva av sitt undervisingsopplegg «Veke 6». Dette er det mest brukte seksualitetsundervisningsmateriellet i Noreg, og vert brukt på skular over heile landet. Ved å lansere det materiellet på nynorsk, vert det også tilgjengeleg for fleire skular, og bidrar til at også nynorskelevane får dra nytte av opplegget. Det er Norsk Målungdom og elevorganisasjonen glade for.

Vi i elevorganisasjonen i Møre og Romsdal setter stor pris på at seksualitetsundervisingsmateriellet er på nynorsk, vi bur i eit fylke kor 16 av kommunane våra er nynorskkommunar. Det er viktig at elevane har eit materielle på deira skriftspråk, det vil gjær det lettare for både undervisarane og elevane som skal jobbe og ta i bruk materiellet.

Veke 6 sin kampanje i år er «Trivsel i Pandemien» som setja fokus på den psykiske helsa til unge under pandemien, det er eit svært viktig tema. Det er vist at barn og unge i Noreg har ei dårlegare psykisk helse etter pandemien starta. Mange følar seg einsam, fordi ein ikkje fer det sosiale livet på skulen og med venar, som ein hadde før. Det er då spesielt viktig å ha nokon å snakke med, men når psykisk helse ikkje vert tatt opp og ein kanskje ikkje har moglegheita til å besøke helsesystera, kan det bli tøffare for barn og unge. Ved at skulane tek i bruk veke 6 og snakkar om temaet psykisk helse under pandemien, trur vi at det vil ha ei positiv påverking på elevane.

Denne typen undervisningsmateriell og kampanjar frå frivillige organisasjonar er gode -og heilt gratis- supplement til dei tradisjonelle læremidla. Derfor bør dei og verte dekka av dei same språkkrava som tradisjonelle læremiddel. Fram til det, er Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen glade for at organisasjonane sjølve tar ansvar for språkmangfaldet. Saman ønskjer vi å ruste alle undervisarane i landet med det som vi håpar kan vere ei gåvepakke for dei som har bruk for eit enkelt tilgjengeleg opplegg for seksualitetsundervisning, som kan verte tilpassa eige behov. For vi veit at alle undervisarar er forskjellige, alle elevar er forskjellige, og vi veit at seksualitetsundervisning nokon gonger kan vere vanskeleg. Difor vert det meir avgjerande å ha eit tilbod på sitt eige skriftspråk, for å auke tryggleiken for undervisar og for elevane, og for å gje dei seksualitetsundervisninga dei har krav på og fortener. No er vi glade for at nynorskelevane får det same tilbodet.

Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom

Mildrid Waagan Iversen, nestleiar i elevorganisasjonen, Møre og Romsdal

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal