LESERINNLEGG:

RB må snart vakne opp!

Svar på leiarartikkel i Romsdals Budstikke

Venter proteststorm: – Når innbyggerne og næringslivet oppdager hva det koster å bruke ferjene fra 1. januar 2021, må vi regne med massive protester, sier Frank Sve (Frp).  Foto: Privat

Meninger

Møre og Romsdal fylkeskommune HAR fått sin del av «potten» til ferjedrifta, når Stortinget har sørga for tidenes økonomiske resultat for fylket med 313,5 millionar kroner i overskot. Når fylkeskommunen vel å bruke 360 mill. kr. berre i 2021, på opera i Kristiansund og bypakke i Ålesund, burde alle forstå at Stortinget ikkje let seg lure og løyver meir pengar. Kvifor skal Stortinget løyve meir pengar til Møre og Romsdal fylkeskommune, når fylket ikkje brukar pengane på dei lovpålagde oppgåvene?


LEDER MANDAG 18. JANUAR

Havner ferjene på nytt i bakevja?


Sp og Ap kuttar i vidaregåande skular med over 30 mill. kr, dei kuttar busstilbodet også i Molde med samla i fylket på over 20 mill. kr, og dei kuttar 20 mill. kr i ferjedrifta som rammar dei fleste ferjesamband i Romsdal også. Likevel klarar RB sin leiar og springe Sp og AP sitt ærende, i staden for å sjå realitetane.

ALLE politikarar i fylkestinget visste kva dei bestilte, og stilte faktisk spørsmål til regjeringa om Erna tok rekninga dersom Møre og Romsdal bestilte nye, større, miljøferjer med høgare frekvens. Regjeringa og Erna sa klart og tydeleg NEI, det som ligg over nasjonal ferjestandard må fylket sjølv dekke. Ferjene vart kjøpt, og etterpå ropar og skrik Kjølmoen og Sørheim på staten.

Sp spesielt forfektar lokalt sjølvstyre, og er sterkt imot øyremerking av statlege midlar og at kommunane får bruke pengane slik dei meiner lokalt er best.

Kommunane og fylka i landet brukar sine midlar heilt ulikt. Nokon meir på skule, eldreomsorg, infrastruktur, kultur eller næringsutvikling. Møre og Romsdal fylke har sjølv valgt å prioritere sterkt ferjedrifta, noko som er rett. Konsekvensen er då at fylket IKKJE kan bruke hundrevis av miliionar krone på område fylket ikkje har ansvaret for, ei heller ein gedigen og aukande administrasjon i fylkeskommunen.

Når så Sp og Ap også aukar ferjeprisane her i fylket til himmels, samtidig som opera og bypakkar er viktigare, har dei null truverdigheit»

Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og 2. kandidat til stortingsvalget frå Møre og Romsdal FrP

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal