LESERINNLEGG

Dugnad for reinare hav

«Kampen mot plasten i havet er ein kamp også for Venstre», skriv Kjell Johan Vatne (t.v.) og Sveinung Rotevatn i dette innlegget.  Foto: Bjørn Brunvoll og NTB

Meninger

Vi bor i et land med fantastisk natur, men naturen er sårbar. Difor er det viktig at vi samen bidreg til å ta vare på naturen og havet. Støtt årets TV-aksjon, så bidreg vi til å redusere utsleppa av plast og ta vare på verdshava.

Åtte millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men også oss. TV-aksjonen i år kjempar mot plast i havet. I samarbeid med lokale eldskjeler, styresmakter og næringsliv er målet å redusera utslepp av plast til elvar og hav med 7000 tonn kvart år.

Kampen mot plasten i havet er ein kamp også for Venstre. I statsbudsjettet for 2021 har vi fått på plass ei rekke tiltak som bidrege til reinare hav og strender, betre luft og meir og betre kunnskap om miljøet vårt. Til saman vil regjeringa nytte heile 2,3 mrd. kroner til å ta vare på norsk natur i 2021.

Tusenvis av friviljuge har gjennom «Strandryddedagen» i heile Norge og Molde kommune rydda sine lokale strender både langs kysten og i innlandet. I 2019 vart meir enn 2000 tonn søppel teke vekk ifrå norske strender. Det meste av dette var plast. Denne dugnaden er utruleg viktig!

Vi må gjere tre ting for å stoppe plast i frå å spreie seg i naturen. Fyrst må vi stoppe bruk av plast, og so må vi stoppe ny plast ifrå å kome i havet. Til sist så må vi rydde i plastforureininga slik at plasten ikkje brytast ned til mikroplast, og skadar naturen og oss sjølve.

Strandryddarar har rydda ei kystlinje som svarer til lengda mellom Oslo og Bergen og tilbake igjen. I Strandryddedagen sin rapport står det at dei mest vanlege kjeldene til plastskrot er plastbitar, tau, drikkeflasker, Q-tips, isopor, strips og korkar.

Noreg har jobba hardt for å få på plass ein nullvisjon for plast i havet. Den vart vedteken i FN si miljøforsamling i 2017. Plast er ikkje berre eit lokalt problem, det er eit globalt problem, og vi må løyse det ved internasjonalt samarbeid. Noreg har ei internasjonal leiarrolle i kampen mot plast i havet. No er målet å få på plass ein internasjonal plan mot marin plastforureining og eit internasjonalt regelverk for handsaming av plastskrot. Det er avgjerande at vi får på plass avtalar på eit internasjonalt nivå som forplikte mange land.

Men minst like viktig er den lokale deltakinga og interessa. Difor er det grunn til å takke TV-aksjonen NRK, WWF Verdas naturfond og tusenvis av strandryddarar for innsatsen.

Sveinung Rotevatn
Klima- og miljøminister
Nestleder Venstre

Kjell Johan Vatne
Leder Molde Venstre

------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal