LESERINNLEGG

Norsk lov gjeld for kommunestyret og ordføraren i Molde

Meninger

Ein ordførar som ikkje leite etter dei gode politiske løysingane, men heller «anmelder» fleirtalet i kommunestyret sitt til Fylkesmannen er det vi slit med i Molde. Samme Fylkesmann som melder tilbake til kontrollutvalet i Molde at ordføraren og kommuneadvokaten tar feil i si tolking av kommunelova, når dei hindra at saken om Raudsand i det heile tatt kom opp i kommunestyret.

Kontrollutvalet skriv 24. april i år at det påligg ordføraren ei særleg plikt til å veilede representantane om reglar, noko som manglar i høve det å få Raudsand saka på sakskartet.

LESERINNLEGG

«Norsk lov gjelder også for kommunestyret i Molde»

Ordfører Torgeir Dahl (H) svarer Bjørn Jacobsen (SV).


Gode kritiske merknadar om Torgeir Dahl som ordførar frå to institusjonar som skal holde auge med oss politikarar. Og eg vil gjere merksam på at kommuneadvokaten, som er underlagt kommunedirektøren, også er opposisjonen sin kommuneadvokat og skal gje råd til alle i kommunestyret.

Ordførar Torgeir Dahl påstår at eg held tilbake informasjon gitt til meg av Miljødirektoratet. Torsdag 18. juni i år får eg ein epost klokka 00.41 frå Miljødirektoratet. Torsdag 18. juni klokka 10.00 starta kommunestyrets møte. Eg hadde ikkje eingong sett eposten før møtet starta. I brevet, som er referert tidlegare i Budstikka, står det ikkje at Formannskapet sitt vedtak er ulovleg. Det står at direktoratet er forureingsmynde for deponi og at reguleringsplanen frå Nesset gjeld. Dette hindrar ikkje oss i Molde å ha meiningar om folk og miljø, som vi vil sikre mot forureining, og utforme vedtak deretter.

Før dette møtet var det laga eit felles forslag frå mange parti som fekk fleirtal. Og det er dette fleirtalsvedtaket som ordføraren med fleire har meldt til Fylkesmannen. Under voteringa prøvde ordføraren seg på at formannskapet si innstilling ikkje skulle voterast over. Eg visste at det ville falle, men eg ville at det skulle voterast over fordi det inneholdt at det skulle ryddast opp i det gamle avfallet og ikkje dekkast til.

Og etter møtet gjaldt ikkje Formannskapet sitt vedtak lenger slik at behovet for å informere om svaret frå Miljødirektoratet var ikkje der. Men vedtaket skal eg gjere alt kva eg kan for at skal komme opp igjen og bli vedtatt fordi det seier rydd opp i gamle synder, forureinaren skal betale og ikkje la folk og miljø langs fjorden på nytt få kasta på seg deponering av gift.

Eg har vore medlem av Stortingets Lagting og eg kan forsikre Budstikkas lesarar at ingen av lovgjevarane der ville på nokon som helst måte utforme lovar som skulle hindre debatt og medverking. Dekke til gammalt avfall og tvinge Molde kommune til å styre etter ein reguleringsplan laga av Nesset kommune er stridsspørsmålet no. Klart vi skal debattere. Klart vi skal ikkje la Miljødirektoratet tvinge oss til å gjere nokke ulovleg, som å dekke til gammalt avfall-vi skal rydde opp- og klart vi skal lage vår eigen reguleringsplan i Molde!

Torgeir Dahl har som ordførar i Raudsand saken satt heile si politiske tyngde inn på å hindre debatt, nekte å ta reguleringsplanen opp til behandling, tolkar kommunelova feil og misligheld si særlege plikt som ordførar om å rettleie representant som vil ha ei sak på sakskartet.

Alt dette blir mykje flisespikkeri og koka ned til eit spørsmål til ordføraren; Korfor kan vi ikkje ha ei heilt vanleg behandling av reguleringsplanen som omhandla Raudsand i Molde kommune slik at alle får vere med å bestemme framtida i kommunen vår?

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal