LESERINNLEGG

Ordførar utan politisk tillit i Raudsand saka

Bjørn Jacobsen (SV)  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Det var ikkje Molde SV som fremma formannskapet si innstilling til kommunestyret 18. juni. Det var det Molde Formannskap som gjorde. Dette fordi eit fleirtal på 9 i formannskapet vedtok forslag lagt fram av meg på vegne av Molde SV. Mange var gledeleg overraska over at formannskapet sa nei til meir giftig avfall til Raudsand og ja til å rydde opp ikkje dekke til gamle miljøsynder. Ordføraren meiner at eg har valt å holde hemmeleg eit svar om eit vedtak som ikkje blei vedtatt av kommunestyret og som eg fekk same dag som kommunestyremøtet.



Så er det riktig at eg sendte formannskapets vedtak frå 26. mai til Miljødirektoratet og spurte om vi har rett til å ikkje legge til rette for deponi? Svaret var som venta at vi ikkje er forureiningsmyndigheit for deponier, men vi er planmyndigheit. Og alle forstår at det ikkje er rimeleg at heilt ferske vedtak i Nesset skal få bestemme kva som skal skje i framtida i Molde. Og her kjem jussen inn. Det er ein ny situasjon med kommunesamanslåing og det gjer Molde kommune rett til å lage ny reguleringsplan slik at alle i kommunen kan få vere med å bestemme om vi skal ha eit Nasjonalt deponi for farleg uorganisk avfall i Molde. Denne politisk muligheita vil ikkje Torgeir Dahl vite av. Han vil heller melde kommunestyret til Fylkesmannen og lovligheitskontroll.

Dette er eit viktig punkt. For her kunne Torgeir Dahl vore ordførar og prøvd å fått til ei politisk einigheit i kommunestyret i staden for å bruke jussen og melde kommunestyret til Fylkesmannen for å ha fatta eit ulovleg vedtak.

Som eg har skrevet tidlegare kan SV støtte Rødt sit forslag, men av redsel for at det ikkje ville få fleirtal stemte vi for fellesforslaget frå krf, frp, sp, mdg, ap , rødt og sv.

Om det var eit heilt klart lovleg vedtak som kunne samla kommunestyret ordføraren var ute etter kunne han gått for Rødt sitt forslag. Eller i det minste forhandla ut i frå det.

Men ordføraren var ikkje ute etter eit lovleg vedtak han var ute etter å dekke til gamle miljøsynder i Bergmesteren. Og ikkje berre dekke til, men tillate å legge drygt ein million kubikk nytt avfall oppå dei gamle miljøsyndane.

Ordførar Torgeir Dahl skriv og at eg har kommen med angrep på han i lesarbrev. Det merkelege er at han ikkje skriv kva det gjeld og sidan det skal vere fleire sterke angrep er det rart at han ikkje har svart etter kvart.

Kan det vere at han ikkje er ordførar for alle parti også opposisjonen? Men heller har møter og kontakt med departement og myndigheiter utan at alle parti får vite om det og får innsyn.

Kan det vere at fleire av Høgres kommunestyrerepresentantar er så involvert i Nesset Vekst at dei sannsynlegvis er inhabile i Raudsand saka? Eller var kommuneadvokaten for opptatt til å kunne komme med ei utgreiing om dette? Om dei er inhabile er ikkje mi sak her, men ordføraren hadde ikkje gjort jobben sin før møtet med å få avklart desse viktige habilitetssakane.

Eg driv med politikk på fritida og vil der prøve å finne gode løysingar for folk og miljø langs Sunndalsfjorden i Molde. Så har Torgeir Dahl rett i at alt skal gå lovleg føre seg. Det er berre å lese dei tre dommane i Raudsand saka så får ein sjå at den dømmande makta tek omsyn til miljø og folk. Det har hittil, etter mitt syn, ingen politikar, ingen kommune, intet departement, intet direktorat eller privat bedrift klart.

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

-------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal