LESERINNLEGG

Radarparet i Frp

Det er overmåte interessant at Frank Sve og Jon Georg Dale no må skrive nesten likelydande innlegg og nesten dagleg for å prøve å ta veljarar frå Senterpartiet.

Kristin Sørheim (Sp).  Foto: STAALE WATTØ

Meninger

Men det er klart at det høver ikkje for FrP at vi fortel om underfinansiering av fylkesferjedrifta – til fordel for skattelette og fjerning av bompengar. Det høver ikkje at vi fortel om «rasering» av drosjenæringa i distrikta eller at Møre og Romsdal har komme dårleg ut i NTP under denne regjeringa, for å nemne noko.

Senterparitet har ikkje lova gratis ferje. Vi har ikkje rasert vidaregåande skule, vi har tvert imot vore med og sikra distriktsskulane gjennom den tilbodsstrukturen vi la. Vi stemte for nedlegging av Vanylven vgs, som eigentleg vart vedteken lagt ned for to år sidan, men som vi sikra eitt år ekstra for å førebu seg på avviklinga.

Det er FrP si regjering som i sju år framfor alt anna har tvinga fram sentralisering på alle område, gjennom trong kommune- og fylkesøkonomi, tronge rammer for politiet, for helseføretaka, NAV osv. osv. Tvangssamanslåing av kommunar og fylke – mot folkeviljen – og det går ikkje akkurat smertefritt i dei nye storkommunane og storfylka. Ikkje har de fått gjort noko med helseføretaksmodellen heller.

FrP er vår ideologiske motpol. Å prøve å ikle seg distriktshatt i her i fylket når partiet i stort står for liberalisering og privatisering som fører til sentralisering, det hjelper så lite.

Kultur- og operahuset i Kristiansund var også ei sak frå di regjeringstid, Dale, der fylket og kommunen skulle delta i spleiselaget. Meiner du at fylket skulle stoppe regjeringas prestisjeprosjekt i Kristiansund? I SP er vi faktisk stolte og glade over at vi endeleg får til dette prosjektet.

Ikkje er det eit overskot på 300 millionar i 2019 som kan brukast i drifta heller, men Frp held fram med å feilinformere folket og brukar pengane fleire gonger. Nok om det. Eg er ikkje redd for å få avgjort kven som snakkar sant, både om ferjetakstar og ferjefinansiering og anna. Det vil Senterpartiet truleg tene på.

Kristin Sørheim, Senterpartiet

----------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal