LESERINNLEGG

Ei hjelpande hand til lokalidretten

I ei tid der hjelpepakkane til dei ulike samfunnsgruppene kostar samfunnet milliardbeløp er det vanskeleg for små, frivillige, lag å finne ein tilbørlig plass i biletet.

Kåre Sæter, styreleder i Møre og Romsdal Idrettskrets.  Foto: Sten Simonsen

Meninger

Idretten vil ikkje framstå som grådig og ta oppmerksomheit frå det aller viktigste, samtidig veit vi at lokalidretten er limet i våre levande lokalsamfunn.

Difor er det med glede vi i Møre og Romsdal Idrettskrets opplever at administrasjonen i fylket har slutta seg til vår henstilling om at det offentlege, kommuner og fylket, tek eit steg tilbake når spelemidlar til idrettsanlegg skal delast ut denne våren. I Møre og Romsdal er det slik at over 70 prosent av idrettsanlegga vert bygd og er drivne av idrettslag. For desse bestyr dette betydelege kostnadar. Slik det har vore dei siste åra har og ventetida for å få utbetalt spelemidlane vore lang. Mange har venta 4-5 år frå anlegget var ferdig til spelemidlar vart utbetalt. Dette har kosta idretten mykje. Sjølv med rekordlave renter har det gått hardt utover driftsmidlane. Rentekronene er pengar som foreldre måtte betale i tillegg til den vanlege idrettsaktiviteten.

At kulturadministrasjonen i fylket no deler idrettens syn på at det i 2020 er rett å la idrettslagseigde anlegg få prioritet er noko som gleder oss. Det er i år snakk om rundt 80 millioner kroner som skal delast ut til idrettsanlegg i fylket. Når kommuner og fylket trer eit steg tilbake i denne køa betyr det mykje for lokalidretten og lokalsamfunna. Idrettslag kan få sine sårt tiltrengte pengar fleire år før dei elles ville ha fått. Dette vil gjere idrettslaga endå betre i stand til å gyve laus på den aller viktigste oppgåva, det å igjen fylle anlegga med aktivitet. Og vi legg heller ikkje skjul på at vi ser på dette som eit handslag til idretten og set veldig pris på å blitt høyrt og sett.

Det vi no set vår lit til er at fylkespolitikarane i Møre og Romsdal og ser kor viktig dette grepet med spelemidlar er. Korona-viruset har gitt oss alle utfordringar langt utover det vi trudde vi skulle møte. Då er det viktig at vi løyser dei saman. Å sørge for at lokalidretten lever er ein viktig del av denne løysinga.

Kåre Sæter, leiar Møre og Romsdal Idrettskrets

----------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal