LEDER TIRSDAG 28. APRIL 2020

Autopass må gi utbetring på Furneset

«Vegvesenet kan ikkje lenger oversjå at parkeringsplassen på Furneset må utvidast.»

FRYKTAR kaos: Når passasjerar reiser gratis med ferja Vestnes-Molde, set fleire frå seg bilen på ferjekaia på Furneset. Når hurtigbåten forsvinn, fryktar folk kaos. FOTO: OLAV SKJEGSTAD 

Meninger

Fram til koronakrisa lamma samfunnet i mars, var trafikksystemet på ferjekaia på Furneset i Vestnes under all kritikk. Parkeringsplassen var overfylt, passasjerar kryssa over plassen der bilar på tur av ferja eller frå parkeringa ofte køyrde i breidd. Langs E39 er det ikkje laga gang og sykkelveg frå ferjekaiområdet opp til Buktavegen. Lokalpolitikarar seier trafikkbilete er utrygt og kaotisk.

Sjølv om det i dag er liten trafikk med ferjene på sambandet Molde-Vestnes, er det all grunn til å sjå på tiltak det hastar å gjere for å få betra forholda på Furneset. Det har gått 35 år sidan ferjeleiet blei flytta frå sentrum på Helland og ut til Furneset. Poenget var å korte inn overfartstida for ferjene mellom Vestnes og Molde. I åra etterpå har mengda bilar auka på, både på ferja og på parkeringsplassen på Vestnes, utan at det er følgt opp med tiltak for å gjere tilhøva betre. Staten er vegeigar av E39, og har ansvaret også for at vegen mellom Vestnes sentrum og Furneset er trygg.

No har det gått 13 år sidan Statens vegvesen laga ein reguleringsplan for å utbetre trafikksystemet på Furneset, mellom anna med gang- og sykkelveg for mjuke trafikantar frå Buktavegen til kaiområdet. Men planane har blitt liggande. Framleis melder Statens vegvesen på nettsidene at utbetring av trafikksystemet på Vestnes er på planstadiet. Ordninga med autopass inneber at passasjerane reiser gratis med ferja.

Ordføraren i Vestnes, Geir Inge Lien, og fylkespolitikar Anne Marie Fiksdal har etterlyst at det må skje noko med trafikkforholda på Furneset. Autopass fører til at mange pendlarar lar bilen stå på kaiområdet når dei reiser til Molde. Når hurtigbåtruta mellom Vestnes og Molde blir avvikla, må ein rekne med at endå fleire vil nytte Furneset som parkeringsplass. Fylkesordførar Tove-Lise Torve lova under fylkestinget førre veke å ta tak i saka om Furneset ferjekai. Statens vegvesen er godt kjent med problema. Vegvesenet kan ikkje lenger oversjå at parkeringsplassen må utvidast og et betre system må lagast for avvikling av trafikken til og frå ferjene. Det er ikkje noko å vente med.