LESARINNLEGG

Slå ring om «grautmålet!»

«Valet av målform i skulen gjeld ikkje berre elevane og foreldra deira. Det får nesten alltid store ringverknader i kommunen og lokalsamfunnet, ja til og med på det nasjonale planet.»

Forfattar Edvard Hoem.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Det er gode grunnar for at foreldra skal ha siste ord når det gjeld kva målform barna deira skal bli underviste i. Derfor kan det hende at folk reagerer på at ein som meg, som berre oppheld meg i Romsdal tre-fire månader i året, blandar meg inn i kva målform dei bør undervise i på Julsundet skule!


Full språkkrangel i Aukra

– Vi krever bokmål som hovedmål på Julsundet skole

– En folkeavstemning viser flertall for bokmål. Likevel innstiller rådmannen på nynorsk. Nå krever vi at valgresultatet blir tatt til følge, sier Stian Sekkeseter.



– Nynorsk er eit betre val når vi bur i ei nynorsk-kommune

Språkstriden ved Julsundet skole held fram. No tar ei gruppe foreldre som vil ha nynorsk som hovudmål til motmæle.


Men eg gjer det likevel, fordi valet av målform i skulen gjeld ikkje berre elevane og foreldra deira. Det får nesten alltid store ringverknader i kommunen og lokalsamfunnet, ja til og med på det nasjonale planet.

Ei folkeavstemning som berre 27 prosent av veljarane tar del i, er ikkje bindande. Eit fleirtal er sjølvsagt eit fleirtal, men det rikkar ikkje ved det faktum at Julsundet skule er språkkløyvd uansett. I Romsdals Budstikke fredag 13. desember seier rektor at språkleg kløyving er noko lærarane og skulen må leva med, anten ein har det eine eller andre utfallet når det gjeld skulemålet. Der foreldra til minst ti elevar krev undervisning på noko anna enn det som er hovudmålet, får dei det.


Det er litt overraskande at denne språkstriden held fram i 2019, på eit tidspunkt det det ser lysare ut for nynorsken enn på lenge. Den bitre og kjenslestyrte «språkkrangelen», som Romsdals Budstikke kallar det, er så godt som forsvunnen der eg ferdast. Fordommane og aversjonen smeltar bort. Dei som påstår dei aldri les ei bok på nynorsk, er i ferd med å bli ein utdøyande minoritet. For eigen del har eg selt 400 000 bøker på nynorsk dei siste åra. Som dei fleste andre forfattarar frå Romsdalsregionen har eg aldri angra på at eg valde nynorsk skriftmål. I dag er det ein hærskare av dei unge forfattarane som skriv på nynorsk, også mange som har hatt bokmål som undervisningsspråk. Fullt så idyllisk er det sjølvsagt ikkje mange andre stader i samfunnet, men det er verdt å notere seg at dei store avisene i Norge ikkje lenger er allergiske mot nynorsk, sjølv om bokmålet framleis har overtaket. Romsdals Budstikke har i dag ein flokk medarbeidarar som skriv framifrå nynorsk.


Slik var det ikkje for femti år sidan! Som ferievikar fekk eg i 1968 i oppdrag å skrive om ei alvorleg traktorulykke nettopp på Aukra. Eg fann ut at eg ville skrive på nynorsk, og redaksjons-sekretær Norborg, som no ikkje er iblant oss lenger, gjekk heilt i fistel og brølte at han f…. ikkje ville ha grautmål på førstesida i avisa som han redigerte!
Eg søkte hjelp hos redaktør Thor Bjarne Bore, som kom i ei forferdeleg klemme, men enda opp med å seia at «Edvard må få skrive på det språket han sjølv vil».
I dag vil eg takke redaksjonssekretær Øyvin Norborg for den replikken om grautmålet, for det var han som fekk meg til å bestemme meg for å skrive på nynorsk resten av livet! Eg ville bestemme sjølv. No får eg takk for nynorsken min på gata i Oslo og i Molde, ja i andre byar også, nesten kvar einaste dag og ofte fleire gonger om dagen. Eg seier ikkje at det alltid har vore uproblematisk å skrive «grautmålet», men i dag er det ingen som seier at nynorsken min er eit grautmål, dei fleste seier at det er eit fantastisk språk! Saman med ein flokk forfattarkollegaer og andre gode skribentar har eg slåst for at nynorsken skulle bli meir moderne og meir smidig, og vi er heldigvis komne så langt at folk knapt ofrar kva språkform dei les ein tanke.
På den andre sida er det eit faktum at bokmålet på dei fleste område har gått langt i konservativ retning: Systemet med tre kjønn og a-ending i preteritum av verb er så godt som utrydda i bokmålet. Sjølv om Molde-dialekten sikkert også spreier seg i Julsundet, er det eit faktum at alle, absolutt alle dialektar i Møre og Romsdal, også Moldedialekten, grunnleggande har meir til felles med nynorsk enn bokmål.
Over nyttår blir Aukra kommune nabo til Norges største nynorskkommune. Det er også ein stor arbeidsmarknad, da det vil bli venta at nye folk skal kunne begge målformene. Alle undersøkingar tyder på at det er ein fordel å ha nynorsk i barne- og ungdomsskulen. Bokmålet lærer elevane i alle fall, for det er så overveldande mykje av det. Det er sant at mange frå nynorskskular har skifta til bokmål når dei går over i vidaregåande. Mykje tyder på at også denne tendensen er i ferd med å snu. På Otta vidaregåande skulle var det for tjue år sidan slik at bortimot halvparten av elevane skifta frå nynorsk til bokmål. I dag er dei som skifter målform mindre enn ti av to hundre, altså mindre enn fem prosent. Eg trur det er den same tendensen som gjer seg gjeldande på meiningsmålingane. Folk er lut leie av at distrikta, bygdene og lokalsamfunna skal bli utarma av stadig nye reformer og at sentralmakta skal bestemme kva som er rett for dei. Nynorsken har vore ein viktig identitetsmarkør for store delar av Distrikts-Norge i meir enn hundre år. Nynorsken har gjort landet vårt språkleg rikare og meir motstandskraftig mot den store flaumen av engelsk. Derfor vil eg oppfordre kommunestyret i Aukra til å halde fast på nynorsk som opplæringsmål i heile kommunen.

Edvard Hoem

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal