Leserinnlegg:

Ferjedrift må prioriterast

Ei ferjestrekning mellom fylkesvegane våre, er som kjent ein del av fylkesvegnettet i Møre og Romsdal , og kan og skal sjølvsagt ikkje som enkelte kanskje ønsker det, bli både stemoderlig behandla, skriv Bernhard Riksfjord.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Prisverdig, nødvendig og endeleg, er det starta ein protestaksjon mot ønska nedskalering av ferjefrekvensar og opningstid som er bebuda. Samstundes kjem det innspill og forslag om ein prisauke på ferjeturar, som ville fått bompengepartia og deira tilhengarar i sentrale byområde, til å ta i bruk handlingar og metoder som ville blitt lagt merke til langt utanom bomringane deira, med sendingar og debatt i NRK og TV2 som dessert.

Bernhard Riksfjord  Foto: Bjørn Brunvoll

Ei ferjestrekning mellom fylkesvegane våre, er som kjent ein del av fylkesvegnettet i Møre og Romsdal , og kan og skal sjølvsagt ikkje som enkelte kanskje ønsker det, bli både stemoderlig behandla, og i tillegg sett på, berre som eit onde og ein utgiftspost for å drifte desse fylkesvegane, som ei ferjestrekning vitterlig er ein del av.


LESERINNLEGG

Ubegripelig om takstene heves nok en gang, samtidig som fergetilbudet blir betydelig dårligere

«Fylkesrådmannens forslag vil ramme næringslivet og pendlere hardt».


Og i verste fall, fortrenger og gløymer dei øysamfunna, kommunane, næringslivet og innbyggarane, som sjølvsagt også har krav på tidsriktig og moderne nivå på ferjedrift for sine innbyggjarar og andre i distriktskommunene.

Takk til Joachim Orvik og Lars J Hagseth som starta «ferjeaksjonen», i sosiale mediar, og velfortent honnør til andre, med Odd Helge Gangstad i spissen, som støttar opp om aksjonen om betre ferjefrekvensar, opningstider og ferjekostnader i fylket vårt.

Undertegnede har saman med andre, gjennom mange år deltatt i utallige møter med regionale og nasjonale politikere og administrasjon, der ønske og krav om betre frekvens og opningstider på ferjesambanda var agenda og bodskapen, seinast i vår.

I tillegg, og for å understøtte og dokumentere dette behovet om samferdselsløysingar innan ferjedrift for næringsliv og innbyggarane i kommunane, har det også blitt sendt uttallig brev med begrunning, ønske og krav dei seinare åra, til samferdselsmyndigheter og personar sentralt og regionalt.

Dessverre og beklagelig, har det tross alt dette, fortsatt blitt svært vanskeleg å få forståing og aksept, om heilt nødvendig auka i overføringar og rammer frå sentralt hald til ferjedrifta i fylka. Det er etter mitt syn heilt uforståeleg, og kan heller ikkje aksepterast som politiske prioriteringar og ønske frå sentralt hald.

Møre og Romsdal er det største ferjefylket i Noreg, og inntil vi får igangsett og gjennomført feks det etterlengta og framtidsretta fastlandssambandet Møreaksen. Kan ikkje regjeringa og andre myndighetspersoner med ansvar for samferdsel, berre vere opptatt av å innføre krav til bygging av nye og meir miljøvennlige ferjer, sjølv om det er både rett og riktig. Like viktig og riktig må det være å fortsatt kunne drifte dei mange,mange ferjesambanda på ein god og framtidsretta måte no og framover.

Det er mange som både forventar og krev ein meir offensiv og framtidsretta ferjedrift, særleg innan fylkesferjeområda.

Derfor bør eit moderne samfunn som vi alle er ein del av, både kunne forvente og få større gjennomslag på dette omtala området. Det er både overkommelig og gjennomførbart, det manglar berre politisk vilje og nødvendig forståing for å få det til. Verre enn det, er det ikkje.

Bernhard Riksfjord, Aukra


--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal