Leserbrev:

Sats på nynorsken!

Meninger

Takk mamma og pappa! Takk for at dokker valde at eg skulle ha nynorsk då eg starta i fyrsteklasse på barneskulen.

På grunn av dokker så føler eg ei nærheit til kvar eg kjem frå. På grunn av dokker så følte eg ein ekstra meistringsfølelse i oppveksten. Nynorsk er noko som ligg meg nært i kvardagen.

Som fødd og oppvaksen i Romsdal, og som student i Ivar Aasen si heimbygd, så har eg vore heldig med å få nytte av nynorsk gjennom skule, sosiale media og kvardagskommunikasjon. Nynorsk er noko ein finn over alt, enten ein vil eller ikkje.

Som ein nynorskforkjempar ynskjer eg at dei fleste får fordelen med å ha nynorsk frå fyrste klasse av. Dette er på grunn av moglegheita til å gå den ekstra mila, og til å forstå det vesle ekstra.

Bokmål er eit fint skriftspråk det også – men det lærer me allereie medan me veks opp. Gjer som foreldra mine, sats på nynorsk for ungen din!

Lina Mathilde Leren

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal