Kjære Ola Elvestuen!

Viss du vedtar deponiet, stel du frå dei neste generasjonane.

Rannveig Hana.  Foto: Privat

Meninger

Torsdag 27. juni kjem klima- og miljøminister Ola Elvestuen frå Venstre til Raudsand for å sjå på planane rundt deponiet. I media blir saka framstilt som 50/50. Dei som er for deponiet på Raudsand, er Høgre. Resten av partia er imot, frå SV til FrP.

4. mai var det miljøkonferanse og debatt i Molde der temaet var giftdeponiet på Raudsand. Eg sat i russedressen min og representerte ungdomspartiet til Miljøpartiet dei Grøne, Grøn Ungdom.

Det var ein konferanse arrangert av Natur og Ungdom der ungdom fekk seie kva dei meinte om deponiet som ingen ville ha, med unntak for Nesset-ordførar Rolf Jonas Hurlen frå Høgre. Deponisaka er viktig for meg, men også for ungdom rundt i distriktet. 22. mars var deponisaka eit av temaa me diskuterte på skulestreiken i Molde, der fleire hundre ungdommar var med. Hadde deponisaka ikkje vore viktig, hadde eg ikkje møtt opp i russetida med eksamen rett rundt hjørnet.

Farleg uorganisk avfall vil bli transportert lange strekningar frå for eksempel Sør-Noreg og forbi Stadt og Hustadvika og inn i Freifjorden og Tingvoll-/Sunndalsfjorden. Nokre eksempel på avfallet er jernhaldig svovelsyre (270 000 tonn årleg) og flygeaske (260 000 tonn årleg).

Kronos Titan, som er utsleppkjelda til det meste av svovelsyra, kan bli pålagt å reinse svovelsyra. Dette er pålagt i andre land, men fordi det er billigare å deponere, er det slik ein vel å handtere det i Noreg. Norsep sitt anlegg på Herøya forskar på blant anna metallgjenvinning frå flygeaske og meiner at det kan brukast på alle store forbrenningsanlegg. Da vil den andre store fraksjonen òg reduserast sterkt. Dette vil kutte behovet for deponikapasitet dramatisk. Da er det lurare med små deponi.

Det er også planlagt fem opne deponi. I tre av dei deponia er det søkt om ordinært avfall. I det ordinære avfallet er det alt frå forureina gravemasser frå urbane og industrielle område, til betong, gateoppsop, ristgods, silgods, skytebanemasser, aktivt kolavfall frå avløpsreinseanlegg og dessutan avfall frå gamle deponi – ei blanding ein eigentleg ikkje veit kva inneheld av miljøgifter.

Det største opne deponiet er 300 dekar og er skogs- og myrområde som heller mot sjøen. Faren for lekkasje i sjøen er stor. Enten frå overflatevatn, sigevatn eller utlekking frå fjellhallane. Deponia vil òg liggje tett. Eg har blant anna lært på vidaregåande i kjemi at to ulike lett lauselege ion kan bli til eit tungt lauseleg.

Med andre ord, viss det skulle oppstå lekkasje mellom deponia og ein ikkje har kontroll over avfallet, så vil det vere kan det bli umogleg å løyse desse salta frå kvarandre viss dei kjem i kontakt.

Torsdag 27. juni klokka 14.15 er det aksjon på Prestgardsbrygga på Tingvoll, og i fjorden utanfor. Eg håper at mange vil møte opp slik at Ola Elvestuen får sjå realiteten av kor mange som faktisk er imot.

Eg håper du blir med og viser di støtte i kampen mot deponiet –ikkje for deg sjølv, men for generasjonane etter deg.


Av Rannveig Hana, Andrekandidat for Molde MDG

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal