LESERINNLEGG:

Senterpartiet og sjukehusa i Møre og Romsdal

Slik ser helseforetaket for seg inngangspartiet på distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. 

Meninger

Senterpartiet meiner det skal vere tre sjukehus i Møre og Romsdal: Ålesund sjukehus med fylkesdekkjande ansvar, Volda sjukehus skal oppretthaldast med fulle akuttfunksjonar og nye Nordmøre og Romsdal sjukehus skal ha alle lokalsjukehusfunksjonar og føde- og barneavdeling, og med avdelingssjukehus i Kristiansund med akuttberedskap, polikliniske funksjonar og eiga leiing

Bakgrunnen for at SP vil utvide spesialisthelsetenesta i Kristiansund frå eit «distriktsmedisinsk senter» til eit «avdelingssjukehus», er at vi meiner helseføretaka konsekvent dimensjonerer for lite sengeplassar og at det vil bli behov for fleire døgnplassar i framtida, i kombinasjon med polikliniske tilbod og akuttsituasjonar og for ikkje utskrivingsklare pasientar.

Senterpartiet vil sikre finansiering av nye Nordmøre og Romsdal sjukehus utan at det må gjennomførast usosiale innsparingar på førehand. Det hastar med å få på plass finansiering av det nye sjukehuset med alle funksjonar som var føresett. Senterpartiet etterlyser regjeringspartia og særleg Høgre sin innsats for å sikre nye SNR. Alle andre kan meine noko om dette, men det er Helseministeren og Regjeringa som er einaste politiske nivå som kan gjere noko med det!

Møre og Romsdal Senterparti

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook