LESERINNLEGG:

Skulesak og bygdeutvikling

Sylte skule i Fræna  Foto: Kjell Langmyren

Meninger

Fræna Ap fekk hausten 2017 for seg at oppgradering av Sylteskulen ville øydeleggje for ny  Haukås-skule. Då vart det snakk om ”helheten”, om snarleg krise i økonomien og alt me ikkje ville få råd til innanfor omsorg og pleie. Det har resultert i Ap har gått i spann med H, Frp og delar av Krf. V slutta seg til same flokken. Dermed er  det  fleirtalet som gjorde Tove Henøen til ordførar, redusert til eit mindretal –  i denne viktige saka som opptek så mange innbyggarar av kommunen. Revurdering av politiske standpunkt kan skje og må vere lov, men det bør vere svært tungtvegande grunnar for å fråvike så sentrale punkt i valprogrammet som den vedtekne skulestrukturen partiet hadde forplikta seg på.

Dette fekk alvorlege konsekvensar: Den nye Haukås-skulen kunne ha stått ferdig neste år – og til ein langt lågare kostnad enn det ligg an til no. Dette går fram av saksutgreiingar og andre innlegg i denne saka. På Sylte kunne elevane mest truleg ha møtt fram til  ny skule  komande haust. Slik gjekk det ikkje.

Så kom framlegg og vedtak om å gjere om krinsane Tornes og Sylte- Malme frå 1-7. til 1- 4. Dette trass i unison motstand i nær alle høyringssvar, protestar og no 1300 underskrifter. Men fekk dette klokkene til å ringe i H, Frp, Ap, V og Krf ? Nei, og det undrar oss. For argumenta frå skulefolk, elevar, foreldre og innbyggarar er tunge og omfattande: Elevane kan gå eller sykle til skulen i 7 år, dei unngår eit tidleg skule- og miljøskifte, det tryggar elevtal og pedagogisk breidde i skulepersonalet, det genererer optimisme og bulyst i  lokalmiljø i vekst. Og til Ap og andre: Dette er  skular med 100 elevar og 150 elevar –  ikkje 40 som på Vevang! Og sei meg: Er det store pengar å spare?

Omfattande bustadbygging i begge område og gode elevtalsprognosar harmonerer dårleg med svekt skuletilbod. Det er ikkje planlegging for gode miljøløysingar eller framtidsretta bygdeutvikling i Hustadvika kommune. Dette er argument folk kjenner seg att i.

Der står saka fordi eit fleirtal i kommunestyret har overkøyrt folkemeininga på Tornes og Sylte- Malme. Viss det objektivt er slik at 1-4 er så mykje betre løysing enn 1-7, ja - då kunne k-styret rettferdiggjere ei slik handling. Slik er det ikkje. Dette styrker ikkje lokaldemokratiet, heller tvert imot. Det har ein demotiverande effekt i lokalsamfunna. – Sjølv om 1-4-løysinga er kasta fram i sluttkonklusjonen til Telemarksforsking, så byggjer ikkje  delkonklusjonane opp om den løysinga. Derfor kviler det eit ekstra stort ansvar på partia og dei folkevalde om å vurdere dette  på sjølvstendig basis i dialog med dei ein er sett til å representere.

Dette vedtaket ser ut til å svekkje interessa for tettstadplanen, for utviklinga av Elnesvågen som kommunesenter. Det forsterkar den kjensla av at ”alt skal til Elnesvågen”. Det er synd, men slikt kan skje når ein føler at bygdene blir sett opp mot einannan, dessverre.

Laila Nøsen og Øyvind Fenne, Hustadvika SV

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook