Eit demokratisk, økonomisk og teknologisk krav om å utrede Romsdalsaksen betyr ingen ting for denne gjengen her.

Eg har ikkje tenkt til å seie "nei til demokratiet".

Eg har heller ikkje tenkt å seie "nei til ny og framtidsretta teknologi".

Og eg har ivertfall ikkje tenkt å påberope meg den evnen, at eg veit betre en folk flest, og ikkje tar inn over meg kravet om å utrede Romsdalsaksen.

Registrerer at det både er ulike råd og forståsegpåara som uttaler full støtte til Møreaksen. Dei framstiller både underteikna og andre som relativt håplause som kan meine at ny, billigare og framtidsretta teknologi i det heile skal vurderast i ei fjordkryssing av Romsdalsfjorden til fleire titals milliardar kroner.  – Dei om det.

I mange andre samanhengar, er dei same representantane ofte ute og stolt frontar ny og miljøretta teknologi.

I debatten om ferjeflåten her i fylket, er det nye null og lågutslippsfartøy med heilt ny og banebrytande teknologi som har fokus. Dette er til dømes det som vi no brukar i ferjeanboda med miljøvennlige batteriferjer.

Så konservative som NHO og andre no framstå, så skulle ein tru dei kun ville akseptere til dømes «møldgammal» ferjeteknologi frå 70 talet. -og seie blankt nei til alt nytt.

For det er dette NHO og gjengen faktisk gjer og står for i ferjefri E-39 debatten ang kryssing av Romsdalsfjorden.

Alt er "hogd i stein " , ny og miljømessige teknologi, bygge billigare, smartere og tryggere er heilt blåst der i garden.

I dag vert revidert Nasjonalbudsjett lagt fram av regjeringa.

Vi har arbeidd knallhardt for å få inn startløyvingar til dei prosjekta i NTP som står klare her i fylket.

Dette er E-39 Betna-Stormyra, resten av Romsdalen , Ørskogfjellet, Lønset- Hjelset, og Lerstadvegen.

Utfordringa vert nok at oljepengebruken blir redusert og offentlig pengebruk vert ikkje like offensiv som tidligare, pga at landet går som det susar.

Få av dei som no er imot at folk flest og transportnæringa skal få utgreidd Romsdalsaksen, har løfta en finger i det siste for å hjelpe til med å skaffe midlar til dei prosjekta som faktisk er prioritert her i fylket.

Kanskje ein ide for NHO å begynne å rette fokuset på dette i framtida?

Ellers kunne eg brukt mykje tid på mange vanvittige påstandar som kjem rekandes.

Det er ingen som har foreslått å " skrinlegge " ferjefri E-39".

Det eg har sagt, er at no må Stortinget faktisk også prioritere dei 86% av vegnettet her i fylket, fylkesvegane, samt 20 av 24 fylkesvegferjer, før dei tar for mykje " møllers tran" ang bruk av fleire titals milliardar kr til riksvegane.

Vi har heile tida sagt at dagens NTP står fast til 2021, og der står Møreaksen i slutten av 12 års perioden.

Denne NTP en skal rullerast i 2021, og vi skal behandle dette i alle parti, kommuner, Fylkesting og Stortinget.

Vi ønsker mest mulig informasjon om ny teknologi, nye løysingar, nye alternativ, det å kunne bruke skattebetalarane sine pengar best mulig inn mot ny vurdering av Nasjonal transportplan i 2021.

At nokon ynskjer å  «knipe igjen augene, og øyrene» og gje blaffen i å vurdere ny teknologi og andre sine forslag, får dei stå for.

Sekken alternativet som Romsdalsaksen over Romsdalsfjorden er sjølvsagt overhode ikkje vurdert eller utreda etter dagens teknologi. At nokon hevdar at dette er gjennomført, er i beste fall kompetanselaust.

FrP i Møre og Romsdal er opptatt av folke flest, bygge samferdsel her i fylket, smartare, billigare, tryggare, og med ny miljøteknologi.

Så får andre styre med sitt, å fortsette med å gå baklengs inn i framtida, og med å nekte å høyre på folk flest.

Vi arbeidar sjølvsagt fortsatt vidare med å sørge for at Romsdalsaksen alternativet som fjordkryssing av Romsdalsfjorden blir grundig utreda.

Dette vil bli viktig informasjon for alle inn mot rullering av Nasjonal transportplan som skal gjennomførast i 2021.

Då skal vi vurdere alle forhold og konkludere på nytt.

Ellers undrar det meg stor over korleis den såkalla " bu og arbeidsmarknadseffekten" mellom Ålesund og Molde egentlig blir med omfattande bompengar via Møreaksen.

En bompengepris på mulig 8-900kr tur retur Ålesund- forbi Molde, fører ikkje akkurat til at nokon har anledning til å bu i Ålesund og arbeide i Molde og omvendt.

Bompengenivået ved Møreaksen og dei omfattande tilførselsvegar som må byggjast i tilknytning til sjølve fjordkryssinga, bør bekymre dei fleste.

Romsdalsaksen alternativet får også bompenger, men kun på fjordkryssinga.

Her må en ikkje bygge omfattande tilførselsvegar for å kunne sette på trafikk frå fjordkryssinga.

Bompengeandelen her bør med andre ord bli omlag ferjetaksten + 40%, dvs omlag halvparten av nivået på Møreaksen.

Dette vil sjølvsagt ei fullverdig utgreiing av Romsdalsaksen avklare nøyaktig.

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar I Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook