Lesarinnlegg

Kvifor er Ole Gunnar Solskjær freda?

MFK skal spele angrepsfotball som Liverpool, sa manager Ole Gunnar Solskjær før sesongen starta.

Kvifor er Ole Gunnar Solskjær freda, spør innsendaren.   Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Meninger

Vi hadde dermed noko å glede oss til. Det som kjennetegnar Liverpool er voldsom angrepslyst, spelarar som har trua på seg sjølv, høgt tempo, super samhandling og fantastiske mål.

Når vi ser MFK spelar, ser vi ingenting av det som liknar på Liverpool og ingenting av det Solskjær lova.

Det vi ser er eit MFK-lag som legg seg bakpå på heimebane mot lag som ligg langt nede på tabellen. Vi ser spelarar som verkar slappe og utrygge. Vi ser spelarar som er redde for å skyte og manglar tempo og spelarglede. Vi ser eit lag som var heldige som tapte berre 0-1 mot Brattvåg frå 2. divisjon då MFK rauk ut av cupen.

Vi ser kort og godt eit MFK-lag som spelar "rævafotball",  slik Nils Arne Eggen kalte det. Det er dessverre mange år sidan MFK spelte god offensiv fotball. 

Den som har ansvaret for elendet er Ole Gunnar Solskjær. Når andre lag underpresterer over tid, blir det stilt spørsmål ved om trenaren bør finne seg noko anna å gjere. Men det skjer ikkje i MFK. Kvifor er Ole Gunnar Solskjær freda?    

MFK har mykje å takke Solskjær for. For ein del år tilbake gjorde han ein fantastisk jobb for Molde.  Til enorm jubel førte han MFK til klubben sitt første seriegull nokon gong i 2011. Året etter vart det nytt seriegull. I 2013 vart det cupgull etter å ha slått erkerivalen Rosenborg i finalen. 

Men no får ikkje Solskjær det til lenger i MFK. Det ser alle. Difor må han få avløysing, og det fort. Slik Tor Ole Skullerud fekk det i 2015 etter ein svak seriestart.  Året før trena Skullerud MFK til historisk dobbeltriumf, med gull både i serie og cup. 

Kva med å ta ein telefon til Uwe Røsler? Eller kanskje Kjetil Rekdal? Eg ber om at det blir slutt på MFK-leiinga si handlingslamming.

Bård Siem, ihuga MFK-patriot