Gossen Bygdekvinnelag spanderte lammeslakt til 9.klassingane på Gossen

– Dette var både lærerikt og nyttig!

Dei kjem sjeldan tomhent på besøk, damene i Gossen Bygdekvinnelag. Under markeringa av Verdas Matvaredag fredag tok dei like godt med seg eit heilt lammeslakt til Gossen Barne og Ungdomsskole. – Dette var både lærerikt og nyttig, meinte 9. klassingen Vegard Try Sporsheim, som fikk prøve kniven i den heilt spesielle mat- og helsetimen.

KLAR TIL DEMONSTRASJON Kokk Robert Drågen (til v.) og lærar Gunnar Høgseth er klar til å demonstrere partering av slakt til 9.klassingane.  Foto: Gunn E. Aarønes

Aukra

AUKRA: – I dag er det verdas matvaredag og vi ønsker å sette fokus på lam og verdien av å nytte eigne ressursar, fortalde leiar i Gossen Bygdekvinnelag, Kjellaug Urdshals. Saman med fem andre bygdekvinner troppa dei fredag opp på Gossen barne- og ungdomsskole til ein heilt spesiell time i mat- og helse for 9.klassingane.