Solid årsskrift frå Vestnes sogelag

Lokalhistorie med fengande innhald. Det er inntrykket etter å ha lese gjennom det nye årsskriftet på 232 sider frå Vestnes sogelag. Innhaldet spenner frå konsekvensar av sex utanom ekteskap til industrihistorie.

Starten på ferjedrift: Johan A. Wiik bygde dei første ferje i fylket.  Foto: Bilde frå årsskriftet

Kultur

I 23 år har det driftige sogelaget gitt ut bøker med innhald som engasjerer. Årets bok er blant dei beste i denne lange rekka, både språkleg og innhaldsmessig. 16 skribentar har levert stoff til boka, til saman gir dette eit innblikk i vår nære og litt meir fjerne lokalhistorie. Det startar med den dramatiske historia om to frå Tomrefjord som vart dømt til døden for ulovleg samleie i 1737. Synda vart begått under ein båt på Romsdalsmartnan på Devold. Forfattaren har gått grundig inn i rettsdokument frå den tida. Begge vart hardt straffa, men dødsdommen vart omgjort etter anke.