Russelåta til Severin (19) fra Gossen tok heilt av: – Laga den på to timer

Det begynte med ei trønder-regle som blei russelåt. I dag er Severin Nautnes Dale (19) frå Gossen sin mest kjende russelåt spelt over 1 million gongar på Spotify og draumen om å erobre verda kjem stadig nærmare.

Koronastudio: Med digital undervisning ved Høyskolen Kristiania er det heilt greit å vere heime på Rød og studere. – Her er det stille og fredeleg når dei andre er på skole og jobb, innrømmer Severin, som har selskap av mamma Lise, pappa Ronny, småbrødrene Albert og Alfred Emil og lillesøster Lina når huset er fullt.  Foto: Gunn E. Aarønes

Kultur

«Æ digge dæ, digge du mæ»… orda og rytmen spinn og spinn i hovudet. Og har dei først komt dit, så blir dei ei stund. Det er Severin Nautnes Dale sin feil. Å lage sangar som setter seg fast på hjerna er noko han er skikkelig god på!