Hør og les julenovella «Tipp vekta på Bustus»:

Tipp vekta på Bustus

Kultur

Den svære kroppen til Bustus flyt utover sementgolvet. Auga vrengjer seg og bringa vibrerer. Baken er mørkebrun av all skiten han har hatt ut av seg dei siste dagane. Eg har prøvd å fylle på med sagflis, men galten sparkar det berre bort.