Loven aust for Haukåsdalen

Sveen er nærmast blitt som ein nestor å rekne når det kjem til meisterlege skildringar og dramatiseringar av menneskelege relasjonar innanfor rammene av naud, desperasjon, forfall og undergang, meiner Romsdals Budstikke sin anmeldar Øystein Hauge.

Skaper en fiktiv verden: Lars Petter Sveen slår seg løs i sin nye bok.  Foto: Tine Poppe

Kultur

Det er portforbod. Kontrollpostar langs vegane. Sjekking av identifikasjonspapir. Den autonome staten Nordriket er bokstaveleg tala i skotlinja frå den overlegne krigsmaskina Føderasjonen. Angrepet på det gudfryktige Nordriket er like om hjørnet. I kyrkja har det nyss vorte servert sveler. Og dei unge foreldra Ingebjørg og Eirik er mest opptatt av at borna Sverre og Håkon ikkje søler til kleda sine med bringebærsyltetøy.