To gode naboer har kunstutstilling saman på Gossen i helga

Dei fann felleskap i kunsten for eit par år sidan. I helga stiller naboane Åse Beate Trana Sporsem og Marit Sand Rønstad frå Hoksneset ut den fargerike kunsten sin i Kyrkjelydshuset på Gossen.

Fargerike naboar: Konkret, abstrakt, maleri og foto. Dei to fargerike naboane Marit Sand Rønstad (til v.) og Åse Beate Trana Sporsem stiller denne helga ut kunstverka sine i Kyrkjelydshuset på Gossen.  Foto: Gunn E. Aarønes

Det kjekkaste er å få vise fram kunstverka, så får salget gå som det vil

Åse Beate Trana Sporsem
Kultur

Det bugnar av fargerike kunstverk i Kyrkjelydshuset på Aukrasanden i helga. Med eit bakteppe av deilig kaffelukt og nybakte kaker inviterer dei kreative naboane Åse Beate Trana Sporsem og Marit Sand Rønstad til kunstutstilling og ein god prat.