Arild Hoksnes aktuell med cd – no kan det bli kåseri:

Spelte inn slåttar på kjøkenet til Nerbøstrand

Etter mange års samlearbeid kan endeleg Arild Hoksnes bringe slåtte-arven vidare frå Andreas Nerbøstrand, mannen som tok vare på lokal folkemusikk.
Kultur

AUKRA: Han fekk låne hus og hyra spelemenn og teknikar, og dermed kunne Arild Hoksnes fullbyrde draumen: Å spele inn slåttar som spelemann Andreas Nerbøstrand (1913-2000) hadde samla gjennom eit langt liv.