Aldri for seint for revygjengen i Tresfjord, alle tre førestillingane utselt

Grensesprengande revy

Det er aldri for seint å lage god revy. Det beviste Knut Romestrand (78) og ni andre på revyscena i Tresfjord denne helga, der førestillinga går for fulle hus.
Kultur

TRESFJORD: Revy og ungdomshuset Tresheim har lange og solide tradisjonar, ikkje minst gjennom den årlege påskerevyen. Denne gongen var det duka for noko nytt når Romsdalsnes Revylag inviterte til førestillinga "Alder før sænt" med ti menn i aldersgruppa 35 til 78 år.