40 av 92 leilegheiter i det planlagde Brunvollkvartalet er no selde, opplyser Kristine Gautvik-Dahl hos Eiendomsmegler 1.

– Dei største og dyraste gikk først, no har det jamt og trutt gått også av dei rimelegare, seier Gautvik-Dahl.

Terje Dyrseth, adm.dir. i Brunvoll Holding, er godt fornøgd med salet, og opplyser at det vil bli endeleg teke stilling til realisering av prosjektet på styremøte midt i juli.

Riving i september

– Med den gode responsen nærmar vi oss no raskt den grensa vi har sett som vilkår for å gå i gang med utbygginga. Med denne føresetnaden på plass, går vi i gang med riving og utfylling i september, seier Dyrseth.

Fyllinga er planlagt utover mot der moloen er no, og vert runda av med ei bukt inn mot kaia for Sekken-ferja.

– Korleis tek ein høgde for stormflo – sjøen har ofte stått høgt på Brunvollkaia?

– Ja, vi må heve terrenget på området for å handtere dette, slik det også har kome nye reglar for. Så vi må legge heile området ein meter høgare, og fylle ut ekstra for å få til dette, seier Dyrseth.

Ferdig i 2018

Om alt går etter planen, vert det så byggestart på nyåret. Med knappe to års byggetid, er prosjektet meint å står ferdig i 2018.

– Molde kommune behandlar no sak om å bruke midlar sett av til sjøfronten på dette området, kva betyr det?

– Det er svært positivt om det går an å få dette på plass. Eg kjenner ikkje detaljane, men om kommune og fylkeskommunen legg inn ressursar slik det har vore snakk om, så vil det medverke til å gjere området enda meir attraktivt, seier Dyrseth.

Midlar frå Sjøfronten?

Plan- og utviklingsutvalet i Molde kommune skal tysdag behandle sak om utvikling av området Elvemoloen – Brunvollkvartalet, og eventuell bruk av midlar sett av til sjøfronten til dette.

Byutviklingsprosjektet gjeld bygging av ny park aust for Moldeelva, bygging av ny bru over elva, flytting av elveløp og molo, og ny park vest for elva. Prosjektet er foreslått med fellesfinansiering av kommunen, fylkeskommunen og utbyggar, med kostnadsramme på 25 millionar kroner.

Rådmann Arne Sverre Dahl tilrår at Molde kommune går inn med inntil 14,5 millionar kroner, ved å omdisponere midlar som er sett av til Sjøfronten.

– Prosjektet inngår i ein framtidig, samanhengande sjøfront frå Moldegård til Reknes, og prosjektet er aktualisert gjennom Brunvolls nye bustadprosjekt ved ferjekaia. Dette prosjektet realiserer delar av Park 1, heiter det mellom anna i saksframlegget.

Rådmannen skriv at det er ønskeleg å sjå Brunvollkvartalet som del av et større byutviklingsprosjekt, og at kommunen har initiert eit samarbeidsprosjekt med fleire aktørar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har innstilt på eit tilskot på 4,5 millionar kroner i byutviklingsmidlar, endeleg vedtak om dette vert gjort tysdag.