Kronikk

Lærebok eller skjerm i skulen?

Illutrasjon: Mari Watn 

Meninger

Det har skjedd ein teknologisk utvikling dei siste 20 åra som vi tidlegare ikkje kunne drøyme om. Det er fascinerande å sjå korleis små barn langt under skulealder handterer skjermbrett på ein intuitiv måte. Førsteklassingar viser stolt fram sin I-pad som dei fekk første skuledag. 10-åringane har fått seg smarttelefon og ei ny verden ligg open framfor dei. Og dagens ungdom er «online» døgnet rundt.