MIDSUND: – Eg er veldig glad for at det vart mogleg å lyse ut stillinga såpass raskt, seier domprost Olav Gading, og stadfester at prosessen med å få lyst ut stillinga som sokneprest i Midsund er i gang.

Trang økonomi

Då presten i Midsund slutta i sommar, vart det kjent at utlysing av stillinga var sett på vent på grunn av den økonomiske situasjonen i bispedømmet.

– Vi meiner no det er mogleg å gjennomføre krav om nedskjering sjølv om denne stillinga vert fylt, opplyser Gading.

Føresetnaden er at midsundpresten også skal gjere teneste utanfor Midsund og samarbeidsområdet Aukra/Midsund/Sandøy.

På nyåret

Gading opplyser at sokneråda skal komme med innspel, før endeleg utlysing vert forma ut.

– Akkurat kor tid stillinga vert lyst veit eg ikkje sikkert. Tidspunktet må også koordinerast med møte i Bispedømmerådet, som skal stå for tilsettinga. Men vi jobbar for å få dette klart så snart råd er, seier Gading.

Han reknar likevel med at det nok vert over nyttår før ny prest er på plass i Midsund.

Glad ordførar

– Vi er letta og glade. Dette var svært godt nytt, seier ordførar Odd Helge Gangstad, som har argumentert for at øya framleis skal ha fastbuande prest.

– Trur du merksemda rundt saka har medverka?

– Ja. Det var viktig å få dette på dagsorden – det handlar ikkje minst om dramatikken i den økonomiske situasjonen for kyrkja. Dette er ei viktig sak ikkje berre her lokalt, det gjeld for heile landet, seier Gangstad.

Spent på respons

Han aksepterer at det kan ta litt tid.

– Det viktige er at stillinga vert lyst ut, så har vi forståing for at det kan ta litt tid. Vi har også forståing for at dagens prestar må få ha fritid og levelege vilkår, seier Gangstad.

– Kva respons forventar du på utlysinga?

– Det er sjølvsagt spennande. Vi bur på ei øy, og det å leve i eit øysamfunn er noko spesielt, med fordelar og ulemper, seier Gangstad.

Vil ta godt i mot

Ordføraren lovar varm velkomst for nypresten.

– Det blir stas, det skal vi gjere litt ut av, det er sikkert. Prestebustaden står klar, og presten skal få bli kjend med politikarane i kommunestyret omgåande, seier Gangstad.

Domprost Olav Gading. Foto: Olav Skjegstad