MIDSUND: – Eg er ikkje mindre uroleg etter å ha sett kva biskopen har å seie om prestesituasjonen, seier midsundordførar Odd Helge Gangstad (Sp).

Kutt i prestestillingar

Før helga etterlyste han ny prest til Midsund, til erstatning for Stein Barlaup som sluttar.

Biskop Ingeborg Midttømme opplyste til Romsdals Budstikke at kyrkja må kutte ei rekke årsverk, og at ho derfor ikkje kan love prest til nokon.

Framleis uroleg

Gangstad er ikkje glad for situasjonen.

– Eg var imot delinga mellom stat og kyrkje, no ser det ut for at vi i grissgrendte strøk raskt får merke konsekvensar. seier Gangstad.

– Kan det vere aktuelt med alternativ finansiering av prest?

– På 80-talet og fram til 1993 hadde vi faktisk ei ordning der kommunen, soknerådet og private givarar finansierte prest. Men det er nok ikkje ei aktuell løysing no, seier Gangstad. Derimot planlegg han å sende brev til biskopen etter ferien, saman med kommunestyre og sokneråd.

– Eg håper kyrkja ser prestestillingar opp mot til dømes stillingar i administrasjonen når det må kuttast, seier Gangstad.

Budsjettsak

Han meiner dette er ei sak som må drøftast på høgare hald.

– Om det er slik at vi ikkje får prest fordi kyrkja har for tronge rammer, må vi ta opp dette med rammene. Det får vi ta oppover i partiet, og bruke dei kontaktar vi har. Like eins må vi prøve å få andre parti med på rammer som gjer det muleg å dekke dei behova som er, seier Gangstad.

– Viktig for øysamfunn

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) frå Midsund deler ordførar Gangstads syn på at det er viktig for midsundsamfunnet å ha fastbuande prest.

– For eit lokalsamfunn på ei øy som ikkje har tilkomst døgnet rundt, er det av stor verdi å ha fastbuande prest. Han eller ho vil då vere langt meir tilgjengeleg og ha høve til oppfølging, enn om vedkommande bur ein annan stad, seier Orten.

– Må prioritere

Han meiner Midsund slik sett ikkje bør vere første plassen kyrkja gjer kutt.

– Eg kjenner ikkje detaljane, og kyrkja må nok i større grad enn før no prioritere. Men ei øy som Midsund burde unngå kutt, seier Orten.

– Men biskopen seier at det må kuttast enda meir, og kan ikkje love nokon prest?

– Kyrkja må sjå på totalbildet, og på oppgåvene ei høve til tilgjengelege stillingar. Eg håper dette ordnar seg, om ikkje i år, så til neste år, seier Orten.

– Gangstad vil ta kyrkjas budsjettrammer opp på sentralt hald – er det aktuelt også for deg?

– Årets budsjett kan ikkje endrast. Men om det viser seg at budsjettet Stortinget vedtek for kyrkja har for tronge rammer, må vi eventuelt sjå på dette i høve til neste års budsjett, seier Orten.

Stortingsrepresentant Helge Orten (H). Bildet er tatt tidlegare. Foto: BJØRN BRUNVOLL