Løftar det opp

Etter at det blei klart at Barlaup sa opp som prest i Midsund, og bispedømmet ikkje førebels vil lyse ut stillinga, valde ordførar i kommunen, Odd Helge Gangstad, å ta saka til høgare hald.

Tvinnereim er absolutt samd i at Midsund må få ein prest.

– Det er heilt vesentleg for oss å ha ein prest i alle sokn. Det er ei sak vi tek opp sentralt i partiet, og som blir viktig når vi kjem i regjering til hausten.

Heilt konkrete tiltak kjem likevel på eit lågare nivå, for no.

Statleg finansiert

Ein prest i Midsund vil kunne bety at nokon andre må klare seg utan, Myklebust skulle helst sett det annleis.

– Det er mange stader som treng prest, og det er ein kabal som må gå opp. Prestetenesta er i dag det svake punktet for kyrkjene i Noreg. Presten er den einaste som er tilsett på nasjonalt nivå, og for å få opp løyvingane til lønna deira må posten på statsbudsjettet opp, fortel Myklebust.

Ein sokneprest kostar rundt ein halv million kroner i året, og sidan den nye arbeidstidsavtalen for Den norske kyrkje kom i fjor, har det blitt dyrare.

– Dei siste par åra har ikkje budsjettet blitt regulert for inflasjon, og da må det bli kutt. Vi må i alle fall auke budsjettet så det held følge med prisvekst, seier Myklebust.

Trygg jobb

Det er ikkje berre eit problem å skaffe pengar til sokneprestar, men også å skaffe prestane.