Reidar Misund hadde frist til 9. januar med å flytte kystkultursamlinga si ut av naustet og skuret ved Antonbua – det har han ikkje gjort fordi han meiner oppseiing av leigeforholdet ikkje er gyldig.

I ein tidlegare versjon av saka sto det feilaktig at utkastinga galdt Antonbua - det rette er altså at utkastingssaka omfattar naustet ved Antonbua, og Reidar Misunds private samling. Arnstein Misund var feilaktig nemnd i denne samanhengen, han har ingenting med dette å gjere.

Feil bruk av paragrafar

Den langvarige saka rundt Antonbua med tilhøyrande har no dessutan teke ei ny vending. Etter klage frå Reidar Misunds advokat har namsmannen, lensmannen i Sund, som skulle stå for utkastinga, kome til at saka må oversendast retten. Årsaka er feil bruk av paragrafar, noko som ved ein inkurie ikkje vart oppdaga tidlegare.

Reidar Misund oppfattar det slik at kravet om utkasting dermed er trekt tilbake, til retten eventuelt har sagt sitt.

– Eventuelt forhandlingar

Midsund kommune ved rådmann Ketil Ugelvik stadfester at saka no kan ende i retten.

– Det kan bli slik, i tilfelle retten kjem fram til det. Men det vert i så fall ikkje snakk om rettssak, men eventuelt behandling i form av forhandlingar, seier Ugelvik til Romsdals Budstikke.

– Fylling som planlagt

Han poengterer at denne saka ikkje vil ha innverknad på det planlagde arbeidet med utfylling og grunnarbeid på området ved Antonbua.