Tal på brukarar stig, det same gjer talet på registreringar ute på turpostane. Medan det i fjor var 12.498 brukarar, er det i år 14.178, og turregistreringa auka frå 255.534 til 278.431 (per 1. november).

– Komplett statistikk er ikkje heilt klar enno, men uansett kan vi slå fast at det er ny rekord, seier Stikk Ut-ansvarleg Marte Melbø i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

– Stikk Ut er blitt innarbeidd, og eit tiltak folk tydelegvis set pris på, det er artig. Den omfattande bruken betyr også meir forventningar og krav til oss, til dømes når det gjeld merking av stiar og slitasje, seier Melbø.

Neste fredag vert det møte med kommunane om planlegging av neste år, og 15. november vert det avslutning med henting av krus, og turprat på Rådhusplassen i Molde.

– Da er det også rom for tilbakemeldingar, og for å komme med forslag til nye turmål. Vi må ha ei viss utskifting, både for å variere, og fordi vi har meir nedbør og dermed slitasje på stiane. Og så ønsker vi oss fleire nærturar, til bruk i kvardagen, seier Melbø.