– Fjellet, det tenkte eg var for villdyr og sauer! Og fjelltur, det såg eg ikkje poenget med. Men det var før! seier Tove Holen og flirer.

Mange turar

Ho er nemleg mellom dei som er smitta av Stikk Ut-iveren, og har saman med kollega May Britt Skjerseth på Tøndergård skole og ressurssenter i Molde tatt seg fram til svært mange Stikk Ut-postar over heile fylket. I tillegg har dei gått turar kvar for seg. Tove har notert seg 200 turar og 128 turmål, May Britt har nådd målet om 100 turar.

– Det har tatt litt av, ja, ein blir avhengig! Når ein først får smaken på fjelltur, har ein berre lyst på enda fleire turar, seier Tove entusiastisk. Dette er første sesong med Stikk Ut for hennar del, og høgdepunkta har stått i kø etter at turskoa kom i bruk.

Helsegevinst

Motivasjon hennar er å komme i form – og no å halde musklar og kondisjon ved like.

– Takk vere Stikk Ut har det gått bra med røykestoppen min også, det er herleg å vere røykfri, og kjenne at ein er i form. Stikk Ut er som blå resept! seier Tove. May Britt som har vore plaga med ryggen, kjenner at ryggen er langt betre etter at ho har begynt å gå meir.

Så får det heller våge seg at turar også kan by på skade – på ein av turane i Sunndalen sklei Tove og ramla ned i ei elv, og bresta ribbein.

Finaste turar

På spørsmål om kva som er den finaste turen, er Tove rask med å slå fast at det må vere Svarttinden i Vistdalen, som rett nok også viste seg å vere ein svært krevjande tur.

– Det var fantastisk! Men eg skreik og hadde angst. Vi tok feil veg opp, og kom inn på svart rute. Det var kjempesmalt, loddrett ned og veldig høgt opp, skildrar Tove. Ho dreg også fram Jendemsfjellet, og hennar første fjelltur.

– Det låg skodde rundt fjellet da vi kom på toppen, heilt magisk. Eg hadde ikkje trudd eg skulle komme meg opp, men så gikk det bra, det var den opplevinga! Da rann tårene, fortel den nyfrelste turgåaren. Ho er særleg fornøgd med å ha tatt seks av dei raudmerka toppturane, mellom anna Rørsethornet og Snøtind.

–  Det handlar om meistring, og samhald, poengterer Tove.

Snakkis

– Eg har høgdeskrekk og går ikkje på den typen tur, seier May Britt. Men poengterer at dei to har funne sin turmetode, der kvar går i sitt tempo, ventar på kvarandre og deler opplevinga. Kvar tur har si historie, med små og store episodar.

– Hugsar du den vesle reven som sat inne i bua oppe ved Åmotan?! Det gløymer eg aldri, seier May Britt.

På tur med barnebarn

Dei poengterer også at konseptet er veldig bra med tanke på å få med både små og store.

– Vi har hatt med barnebarn på mange turar, det fungerer veldig bra, seier dei to.

Nye plassar

Mellom fordelane ved Stikk Ut er også at det fører turgåarane til nye stader.

– For første gong har vi vore på Smøla! For å ta Stikk Ut-postar, men også for å ha det sosialt og artig. Vi kombinerer gjerne Stikk Ut med «Stikk Inn», vi gikk på restaurant og overnatta etter turpostane.

– Kva da når Stikk Ut-sesongen no er slutt?

– Da kan ein legge seg på sofaen, flirer May Britt.

– Da kan ein snart gå på Stikk Ut Ski, ler Tove.

– I alle fall blir det mange turar også neste år, konkluderer begge.