(Saka er oppdatert med svar fra barnelege Anna Owczarz, se nederst i artikkelen.)

– Vi har nettopp fått den omfattande rapporten frå Helsetilsynet, og vil no bruke tid på å sette oss inn i saka. Vi tek kritikken frå Helsetilsynet på alvor. Det er ei alvorleg og samansatt sak der mange fagmiljø i helseføretaket er involvert i tillegg til kommunal legevakt, seier Odd Veddeng, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Det var i februar i fjor at eit ti månader gammalt barn døydde på Kristiansund sjukehus. No har Helsetilsynet konkludert med at det var svikt i helsehjelpen til guten, som hadde eit komplisert sjukdomsbilete.

– Dette er ei sak som er spesielt vanskeleg for dei pårørande, og som også går sterkt inn på tilsette i helseføretaket som har vore involvert i saka, seier Veddeng.

I den foreløpige vurderinga går Helsetilsynet inn på Helse Møre og Romsdal sine rutiner som skulle sikre forsvarleg oppfølging av sjuke barn i helgene, og planlegginga i forkant av endringen frå sjudøgnspost til femdøgnspost.

– Drift av ein 5-døgnspost er krevjande, og set krav til god planlegging, kommunikasjon, samhandling og rolleforståing mellom alle partane som er involvert. Vi må ta med oss læringspunkta som ligg i saka inn i vurderinga av korleis vi organiserer tenestene framover, seier Veddeng i pressemeldinga.

I styremøte i desember 2015 la helseføretaket fram ei evaluering av 5-døgnsdrifta. Det var då einigheit i styret om at konklusjonen frå Helsetilsynet skulle innarbeidast i saka før endeleg evaluering blir gjort. Så snart endeleg rapport ligg føre frå Helsetilsynet vil ein fullføre evalueringa av driftsforma.

Legekommentar mandag

Barnelege Anna Owczarz, «legevaktlege1» i tilsynsrapporten, vil ikkje kommentere rapporten i helga.

- Eg sit og les rapporten no. Men eg har vore oppe om natta og er på jobb i dag, og det er mykje å sette seg inn i. Eg må lese grundig og tenkje meg godt om rundt kva eg skal seie, så eg har sagt til Aftenposten og VG og dei andre media at dei ikkje får nokon kommentar i helga. Men eg kommenter gjerne på mandag, seier ho til Rbnett.

Helseføretaket har seks veker på seg til å kome med tilbakemelding på rapporten før Helsetilsynet legg fram sin endelege rapport.