– Veldig bra! Her har vi ein ekstern rapport som slår fast at Moldebadet er veldrive og godt organisert, og der gjester kan kjenne seg godt varetatt, seier styreleiar for Moldebadet, Rolf-Inge Pedersen Hjelseth.

Han held også fram at det er kjekt at ein ekstern rapport viser at økonomien med unnatak av 2011 har vore god.

– Med den momsordninga vi har, har resultata sett verre ut enn realiteten. Det kan vere slitsamt, men dette er ei budsjetteknisk sak som ikkje er ei sak for oss.

– Rapporten peikar også på forbetringspotensial, kva gjer ein med det?

– Ja, det vil vi straks gå vidare på. Eg vil på ekstraordinært styremøte kommande måndag legge fram fire punkt relatert til analysen. For det første at vi på nytt ser på bemanningsplanen, om det er muleg å redusere timebruken. Dette må sjølvsagt sjåast i høve til tryggleik – det kjem alltid først, poengterer Pedersen Hjelseth.

Han vil også ta opp muleg omorganisering og endra oppgåvefordeling, og at det vert opna for samarbeid med Molde Vann og Avløp KS slik rapporten foreslår.

– Dessutan vil eg ta opp potensialet for energieffektivisering som rapporten peikar på, her kan det vere ein god del å hente. Vi bør også sjå på automatisering av oppgåver. Kanskje kan vi få til pilotprosjekt når det gjeld teknisk drift og energibruk, seier Pedersen Hjelseth.