ÅLESUND/MOLDE/KR.SUND: Denne veka startar arbeidet med «bygningsmessig utviklingsplan» i helseføretaket.

– Bygningsmessig utviklingsplan gjelde heile føretaket med unntak av SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal). Denne planen vil vere ein del av den overordna utviklingsplaen som vil peike ut ønska utviklingsretning for sjukehusa i Helse Møre og Romsdal. Planen i seg sjølv vil ikkje innehalde «løyvingar», men seie noko om korleis vi som føretak kan prioritere tilgjengelege investeringsmidlar, seier Mona Aagaard-Nilsen.

Den tidlegare einingsleiaren for tekniske tenester i Midsund, og byggesaker og geodata i Molde, er klinikksjef for drift og eigedom i Helse Møre og Romsdal.

Mest til Ålesund

Det aller meste av investeringsmidlane vil gå til Ålesund sjukehus, som sårt treng opprusting. Det gjeld mellom anna nødvendig teknisk oppgradering, og utvikling av bygninga.

Utviklingsplana gjeld heile Møre og Romsdal, men i norddelen av fylket er det berre behandlingsinstitusjonar innan for psykisk helsevern, rus og rehabilitering som inngår i planen. Her går arbeidet med Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på sitt eige spor. Og i Molde og Kristiansund gjer ein berre det mest nødvendige medan ein ventar på å flytte inn i nytt sjukehus våren 2022.

Sprinkelanlegg i Molde

– Kva gjerast no i Molde?

– Vi har pålegg frå branntilsynet og arbeidstilsynet om tiltak for brannsikring og inneklima. Det jobbar vi med som eit eige prosjekt, knytt til tryggleik så lenge det er aktivitet i bygget, seier Mona Aagaard-Nilsen.

– Akkurat no installerer vi sprinkelanlegg i vestibylen. Og Kirurgisk B er flytta til førebels lokale for å brannsikre sengeposten, seier Aagaard-Nilsen.

I Molde er det gjort så mange tiltak dei siste åra at tryggleiken no er mykje betre enn den har vore på mange år, seier ho.

Kristiansund sjukehus er i mykje betre stand og treng ikkje det same som i Molde:

– Der gjer vi tiltak mellom anna på brannsentralen, som er viktig for beredskapen.

El-anlegg og ny fasade

Det er altså Sunnmøre som har fokus i arbeidet med bygningsmessig utviklingsplan.

På spørsmål frå Sunnmørsposten om kva som må gjerast aller først i Ålesund, svarte eigedomssjefen dette:

– Det aller viktigaste er at vi sikrar straumforsyninga internt på sjukehuset.

El-anlegg som blir rusta opp gjer det mogleg å installere meir medisinsk-teknisk utstyr. I tillegg skal ein gjere tekniske tiltak med ventilasjon og sprinkling.

Skal utvikle bygningane

Når det gjeld utviklinga av bygningsmassen, så krev fasaden på sørsida tiltak raskt. Den står som ein grå betongvegg etter at ein tok ned fasadeplater og ròte treverk for eit år sidan.

– Dette er noko som berre må ordnast før vinteren sett inn på nytt. Slik det er no, fyrer vi for kråka og har dårleg inneklima, seier Aagaard-Nilsen til Sunnmørsposten.

Ho meiner behovet for utviklingstiltak i Ålesund er på «i alle fall mange millionar kroner». Saman med teknisk oppgradering, reknar ho med utgifter på mellom ein og to milliardar kroner.

Også Volda sjukehus er ein del av utviklingsplanen.