– Det blir stadig vanskelegare å finne parkering her, sidan elbilar står parkert heile dagen. Det gir konsekvensar for dei som treng å gjere ærend i byen, og for dei som har butikk og bedrift i sentrum, seier John Arne Lyngstad til Rbnett.

Han driv Block Watne på Gotfred Lies-plass, og ser dagleg at elbilar vert parkert tidleg om morgonen, og drar på ettermiddagen.

- Står heile dagen

– Dette er folk som er på jobb, og som set frå seg elbilen gratis på parkeringa her ved kinoen. Det er 11 parkeringsplassar her, to av dei er handikapplassar. Når stadig fleire plassar vert opptekne av langtidsparkerte elbilar, vert det vanskeleg for dei som skal innom oss, dei offentlege kontora oppe i etasjane her, eller vil handle i Storgata, seier Lyngstad.

– Men dette er parkering som er heilt lovleg?

– Ja, så eg klandrar ikkje dei som bruker plassane. Men kanskje kommunen burde evaluere parkeringsordningane sine. Som det har blitt no, blokkerer denne parkeringa i stadig større grad for andre som også treng parkering. Ein kunne jo gjort fleire plassar til korttidsplassar, og heller gitt gratisparkering for elbilar i parkeringstunnelen, seier Lyngstad.

– Ordninga er vel innført for å minke utslepp, bør ein ikkje ha forståing for det?

– Intensjonen er sikkert god, men slik det er no, blir folk køyrande rundt og rundt for å finne parkering – det vert det jo meir utslepp av, seier Lyngstad.

Kan bli endra

Parkeringsetaten og næringsdrivande i sentrum opplever også negative konsekvensar av elbilparkeringa.

Når det frå nyttår av vert opna for lokalt regelverk for elbilparkering, kan situasjonen endre seg, ifølgje Lisbeth Brekstad, leiar for parkeringsetaten i Molde kommune.

Følg Rbnett på Facebook