Nordøyvegen har vorte ei årelang "farse" av utsettingar, spørsmål og tautrekking mellom ein fylkesadministrasjon som konstant "streker med hælane" mot dette prosjektet, av heilt uforståelege grunnar.

  • Prøvestein for fylkeskommunen.

Nordøyvegprosjektet er ein prøvestein for Møre og Romsdal fylkeskommune. Klarer ein ikkje å manne seg opp til å gjennomføre dette ferjeavløysingsprosjektet, ja så kan ein like godt legge ned alt  arbeide i fylkeskommunen gjeldande bygging av ny infrastruktur her i fylket.

  • Økonomisk grunnlag for Nordøyvegen.

I rekneskapet for Møre og Romsdal Fylkeskommune, kan vi lese at fylket i 2015 brukte 103 millionar kroner til ferjedrifta til Nordøyane. Dette er betaling av underskottet det er for å drifte ferjene til dette øyområdet med meir en 3000 innbyggare  og mykje sentrale store næringsklynger.

Av desse 103 millionar kronene, er om lag 75 millionar kroner til drift av dei ferjene som ein tek vekk, ved å bygge Nordøyvegen.

Det er desse 75 millionar  kronene årleg, som vert omtalt som ferjeavløysingsmidlar, og som kan brukast i 40 år til finansiering av renter og avdrag på investeringslåna for prosjektet.

75 millionar i 40 år, vert 3 000 millionar kroner, med andre ord 3 milliardar kroner.

I tillegg er det til prosjektet lagt til grunn inntekter som bompengar, rentekompensasjon, tilskott frå kommunane, IP Huse, og ikkje minst momsrefusjon, på til saman langt over 1 milliard kroner.

  • Kva kostar prosjektet Nordøyvegen?

Mykje styr har det vore den siste tida med underkjent sikkerheitsgodkjenning  for bratte tunellar.

Plannemnda for samferdsel som underteikna, Kristin Sørheim og Iver Nordset er medlemmar av, fekk i oppdrag frå fylkestinget å "rydde" opp i problema med tunellstigninga.

Detter no godkjent og avklart på høgaste hald i Vegdirektoratet av vegdirektøren samt i samferdselsdepartementet. Statens vegvesen har på oppdrag frå oss laga nye planar og endra stigninga i tunellane til omlag 8%, og komme med nytt kostnadsanslag  som viser at det omlag er på same nivået som i 2015,  omlag 3,3 milliard kroner.

  • Konsulentrapportar.

Ja, kva skal en seie? Her er det definitivt  nokon som har teke for mykje "Møllers Tran".

Når konsulentrapporten som i sin iver mot dette prosjektet, heller ikkje klarer å "krisemaksimere " ned prosjektet til meir enn ein årleg kostnad på 40 million kroner i utgifter for fylkeskommunen,  ja då trenger en ikkje vere "rakettforskar" for å forstå at dette prosjektet bygg vi så raskt som råd.

Ja, for med 40 millionar kroner i kostnad årlig ved å bygge, forstår dei fleste av oss at med dagens utgifter til ferjedrifta til Nordøyane på 75 millionar kroner årleg., er det utan behov for "kuleramme". Dette grunnlaget viser at ein må vere stein stokke blind for å unngå å forstå at Nordøyvegen MÅ byggast.

Med dagens 75 millionar kroner i kostnad til ferjene, framtididge kostnadar til ferjekaier, og ein gallopperande kostnadsutvikling til ferjedrifta,  så ser ein  vel  snart. fylkesadministrasjonen  også at dette  snart er  dobbelt så dyrt som å bruke 40 millionar  kroner i snitt årlig gjennom 40 år til å bygge Nordøyvegen. Å for å  ikkje å gløyme, frå år 41, har både staten og fylkeskommunen spart mange titals millionar  kroner årleg  kvart eit einaste år vidare, kontra det  å fortsatt køyre ferjer til evig tid.

  • Bruke pengane andre stader?

Enkelte har kome med den "glupe" ideen, at pengane til å bygge Nordøyvegen kan og bør brukast til å bygge andre vegprosjekt i fylket.

Den store haken ved dette, er at desse pengane IKKJE kan brukast andre stader, for dette er pengane som i dag går til drifting av ferjene til Nordøyane som vi i staden nyttar til å bygge prosjektet. Med andre ord, pengane som vert brukt til Nordøyvegen, KAN KUN NYTTAST TIL NORDØYVEGEN.

  • No er det tid for handling!

No er det på tide med handling, og eg med fleire har ikkje tenkt å la oss "vippe av pinnen" lenger av byråkrater og innleigde krisemaksimerarar.

«Hadde Norge som samfunn vorte styrt sidan 1900 av slike byråkratar og Konsulentar, ja så hadde vi gått her i ufarga kle og vore nær steinalderen, og ikkje som i dag som eit av verdas rikaste og mest moderne land.»

Skal vi bygge infrastruktur her i fylket, eller skal vi stikke hauet i sanden?

Eg skal vere med å bygge infrastruktur her i fylket og i landet, og no er det slutt med seindrektigheit, no må vi jammen ta vårt ansvar og få bygd Nordøyvegen straks.

Eg forventar at fylkesadministrasjone lojalt følger opp dette i framtida, og dei som ikkje aksepterar dette, får jammen finne seg noko anna å gjere.

Frank Sve,

Leiar for Plannemnda for samferdselsutbygging Møre og Romsdal Fylkeskommune

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook

Frank Sve.