Klokka 04 natt til 17. mai vakna Torgeir Hoem av høge lydar utanfor huset i byggefeltet Haugan i Isfjorden.

– Eg tenkte først at det var russen, men da eg så ut av soveromsvindauget var det eit heilt anna syn som møtte meg, seier Hoem til Rbnett.

På vegen utanfor var det nemleg ein grevlingfamilie på fire på tur. Mora heldt ein unge i kjeften, to andre kom diltande etter.

– Dei lagde utruleg mykje lyd, eg har aldri høyrt liknande, seier Hoem, som først viste videosnutten fram i familieselskap på nasjonaldagen.

Mange har fått med seg den fornøyelege seansen etter at han la videoen ut på Facebook, den vart også vist i NRKs  kveldsnyttsending.

– Det er berre artig at flest muleg får sett dette, og ikkje minst høyrt lyden grevlingar kan lage, seier Hoem.

Han har aldri sett grevling rundt huset før, men har nå solid dokumentert at arten er representert i området.