Sjømæling overtek i Gjemnes

Knut Sjømæling (Sp) blir ordførar etter samarbeidsavtale med Ap, SV og Venstre.

Reprise: Også i 2007 overleverte avtroppende ordfører Odd Steinar Bjerkeseth ordførerkjedet til påtroppende ordfører Knut Sjømæling.  Foto: Gjermund Kjøpstad

Valg

Samarbeidsavtale mellom dei fire partia vart underskrive i dag tysdag, med Knut Sjømæling som ordførar.

Avtroppande ordførar Odd Steinar Bjerkeset (KrF) må dermed igjen overlate ordførar-klubbe og -kjede til Sjømæling, som i 2007.

Senterparti fekk denne gongen 31,2 % av stemmene i Gjemnes, og aukar kommunestyregruppa frå fem til seks mandat.

- Vi gjorde eit godt val og vart det største partiet. Det var eit godt utgangspunkt i forhandlingane, der konsekvensen blir at vi kjem i posisjon og får ordføraren, seier Sjømæling i ein kommentar til Rbnett.

Han poengterer at dialogen mellom dei raudgrøne partia er god, og at det gikk greit å komme i mål.

Det er så vidt Sjømæling kjenner til første gong eit slikt samarbeid er realisert, tidlegare har Sp oftast samarbeidd med KrF.

- Men KrF har gått sterkt tilbake, så vi måtte sjå oss om etter andre. No vel vi denne løysinga, seier Sjømæling.

Han peiker ut renovering av to skular, og utbygging av ny sjukeheim som dei største oppgåvene å realisere for det nye kommunestyret.

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Valg