Oddvar Myklebust (Ap)

Valg

1) Kva meiner du blir de viktigaste sakene i komande periode – og kva vil vere dine hjartesaker?

- Vi skal gi ei verdig eldreomsorg, medrekna fullføre renovering og nybygg på Sandøytunet. Vi skal gi barn og ungdom gode og trygge oppvekstvilkår. Nordøyvegen, kommunereforma og omdømmebygging blir viktig. Vi må gjenopprette tillit mellom folkevalde og administrasjon, mellom folket og politikarane og få eit betre forhold til media.

2) Kommunereforma.

Ut frå det du vet i dag, vil du at din kommune skal fortsette som sjølvstendig kommune, eller slå seg saman med ei eller fleire andre kommunar? I fall samanslåing; kva kommune/kommunar ser du som mest aktuelt å gå saman med? Synest du det er riktig å ikkje greie ut eit alternativ mot Romsdal? Er det greitt å slå saman kommunar med tvang?

- Utgreiingsarbeidet er ikkje kome langt nok til å ta stilling til om vi skal vere eigen kommune eller vere med å danne ein ny. Vår konklusjon er at vi ikkje kan stå åleine, då er det mest aktuelt å sjå til Haram kommune. Aukra har gjort vedtak som gjer det uaktuelt å sjå dit. Samanslåing ved tvang er ikkje greitt og vil ikkje bli gjennomført.

3) Skatt.

Ønsker ditt parti at det skal innførast eigedomsskatt komande fireårsperiode?

- Arbeiderpartiet har aldri foreslått eigedomsskatt og kjem heller ikkje til å gjere det i denne perioden.

4) Tenester.

Kva for tiltak vil du gjennomføre for at innbyggarane i din kommune skal sikrast enda betre pleie og eldreomsorg?

Er Sandøytunet slik det er lagt fram eit godt prosjekt for framtidige utfordringar i helse/omsorg og er ei så stor investering forsvarleg?

- For å sikre betre pleie og omsorg må Sandøytunet byggast tilnærma som skisseprosjektet viser. Frittliggande bustader er også aktuelt for dei som ønsker det. Sandøytunet er eit godt prosjekt for å møte framtidas utfordringars. Investeringa som er lagt fram frå administrasjonen er forsvarleg, dette kan gje innsparing i drifta.

5) Sandøy er i ei vanskeleg økonomisk situasjon med stadige innsparingar i tenestetilbodet. Dersom driftsnivået må ytterlegare ned, kvar skal det kuttast?

- Skal driftsnivået ytterlegare ned, må alle einingane vere med på utfordringa. Vi må sjå om det er ei økonomisk god nok drift på alle nivå.

6) Ja eller nei til mottak av flyktningar? I tilfelle ja, kvar mange?

Ja eller nei kan vi ikkje gi før vi veit heilt sikkert kva kompensasjon staten gir. Fagmiljøa må gå god for at vi får på plass nødvendig kompetanse og at bustader er tilgjengeleg. Seier vi ja, må nivået vere som vert tilrådd frå administrasjonen.

7) Det har vore mye uro i organisasjonen de siste årene. Korleis meiner du det kan endres?

- Dette er eit spørsmål vi tar på alvor, det ligg også som eit viktig punkt i vårt program. Korleis vi skal løyse dette, er ikkje eit prosjekt som vert lagt fram i dei ulike media. Dette må takast internt.

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Valg