- Innbyr til snoking

- Skattelistene bør ikkje lenger vera allemannseige på nettet. Det innbyr til snoking i andres private forhold, seier Jenny Klinge.
Skatt

Klinge, som er justispolitisk talskvinne for Senterpartiet, meiner at det er kikkarmentaliteten og ikkje samfunnsnyttig openheit som er føremålet til dei fleste som sjekkar likninga til andre.

- Det er greitt at det skal vera openheit kring kva folk tener, men det er langt i frå førre tiders praksis der skattelistene låg ute til ettersyn på likningskontoret og til at dei i dag florerer på internett. Skattelistene bør ikkje lenger vera allemannseige på nettet. Det innbyr til snoking i andre sine private forhold, skriv Jenny Klinge i ei pressemelding.

- Personvern er å verne om menneske sin rett til å ha ei privat sfære. Å verne om denne retten inneber å forhindre at somme kan snoke og misbruke opplysningar om forhold dei ikkje har noko med. Måten skattelistene blir offentleggjorte på gjer slik snoking lettare og svekkjer dermed personvernet, hevdar Klinge.

Ho meiner også at kriminelle vil kunne misbruke opplysningane og leggje opp innbrotsraid etter kor dei trur det er mest verdiar å finne.

- Eg seier ikkje at ein skal tilbake til tida der folk måtte gå på likningskontoret for å sjekke tala. Men den gongen måtte folk registrere seg når dei var inne og sjekka. Dersom vi får eit system der likningskontoret og den det gjeld får vite kven som er inne og sjekkar, blir det betre for alle. Då får ein også større kontroll over kriminelle som bruker dette som eit verktøy, seier Klinge.

- Teknologiutviklinga går på mange område føre utviklinga av lovverket. Det er særs viktig med ei bevisst haldning til korleis vi let ny teknologi påverke oss. Vi må våge å setje grenser. Målet må vera at den teknologiske utviklinga kjem til samfunnsmessig nytte, og ikkje blir ein trussel mot grunnleggjande verdiar som personvernet, seier Jenny Klinge.

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Skatt